seier tillitsvald ved Eidsbøen, Gunn Kristensen. – Folk var så slitne at dei blei sjuke. Og då vart det meir og gjere for dei som var igjen på jobb. Dei sleit seg i sin tur også ut og blei sjuke. Sjukefråveret auka etter kvart til 15 prosent. Alle avvik skal bli registrerte Avviksskjema heng lett synleg på veggen inne i personalrommet på bustaden. Noko Kari Suphammer, som er hovudtillitsvald i kommunen, er svært nøgd med det. – Det er viktig at skjema er lett tilgjengeleg. Det gjer det så mykje lettare å ta det i bruk når det trengs, seier ho. – Om noko skjer, og du må leite etter skjemaet, eller kanskje ikkje finn det med det same, gløymer du kanskje å føre avvik. Ho understrekar også kor viktig det er at dei tilsette heilt systematisk og konsekvent skriv avviksmeldingar. – Kvar gong brukaren ikkje får den tenesta han eller ho har krav på gjennom vedtak, skal det skrivast avviksmelding. Ein skal også føre avvik kvar gong ein av dei tilsette har vore utsett for vald eller truslar, seier Kari Suphammer. Mange avvik Etter halvanna år utan lov til å ta inn vikarar, hadde dei tilsette ved Eidsbøen registrert om lag hundre avvik som var melde vidare til helse- og sosialsjefen. sjefen i kommunen og vart innkalla til eit møte med han. På bakgrunn av dokumentasjonen på alle avvika, det høge sjukefråveret og samanhangen mellom avvika og vakter med for få tilsette, oppheva han forbodet mot bruk av vikarar der og då. Han kunne ikkje bere ansvaret for ein slik drift. – Dette er eit godt døme på kor I MÅL: – Vi kom i mål takk vere systematisk dokumentasjon av avvik, seier Gunn Kristensen og Linn-Beathe Suphammer. «Tilsette og leiarar som ikkje registrereralle avvik, gjer faktisk ikkje jobben sin.» Kari Suphammer, hovudtillitsvald i Austevoll kommune Dei som arbeidde ved bufellesskapet, var samde om at dei ikkje lenger var i stand til å gje brukarane eit forsvarleg tilbod. Alle fekk hjelp til det mest naudsynte, men det skorta på tiltak som skulle auke trivsel og bidra til auka sjølvstende. Oppskrift frå Austevoll Dagleg leiar, verneombod og tillitsvalde tok kontakt med helse- og sosial- viktig det er at alle tilsette og leiinga registrerer alle avvik. Viss ikkje gjer dei faktisk ikkje jobben sin. Alle avvik ein ikkje kan rette opp i på avdelinga, skal meldast vidare til høgare hald seier Kari Suphammer. I dag er sjukefråveret nede på normalt nivå. Arbeidspresset på den enkelte tilsette er redusert, og bebuarane får dei tenestene dei har fått godkjend i enkeltvedtaka. Fagbladet 5/2008 > 45 fbaargang2008 fbseksjonHEL