For ein større produksjon kan det vere på sin plass med sydde kostymer, men då meiner Flesland det er viktig å hugse på at kostymamåveregodåhapåoggirom for at skodespelaren kan bevege seg fritt. Barnehagen eller skulen kan gje ei teaterframsyning eit profesjonelt preg med nokre enkle grep. Lyssetjing kan til dømes gjere mykje for å understreke og styre fokus dit regissøren ønskjer. Den som har lyset på seg er den som får mest fokus. Får du lyset på deg ovanfrå og ned, verker du mektig, medan lys nedanfrå får deg til å verke underdanig. I kva grad ungane sjølve skal vere med å påverke kva eit rollespel skal handle om og kva kostymer som skal brukast avheng sjølvsagt av om ein snakkar om å setje opp eit stykke som skal framførast for eit publikum eller om ein berre skal leikespele i barnehagen. Flesland synest godt ungane skal få vere med og bidra kreativt. Det kan vere ei god hjelp for vaksne som nok blir noko meir firkanta i fantasien, som ho uttrykkjer det. Men på eit tidspunkt må det setjast ei grense for når den kreative fasen er ferdig og det er på tide å byrje å spele teater. Og alle kan vere med, meiner ho. Til og med dei aller minste. -Deisomersåsmåatdeiikkje kan snakke, må kanskje ha ein vaksen med til å hjelpe seg. Men det bør finnast roller til alle! Å bruke biletboka Gjennom enkel analyse kan bileta i ei biletbok gi både lesaren og den som høyrer på ei sterkare leseoppleving. Ingjerd Traavik er lektor ved Høgskulen i Volda og har arbeidd mykje med bilete og biletanalyse. På lanseringsseminaret for boka Les for meg! fortalde ho korleis den som les høgt for barnet, kan bruke bileta for å gi lesinga eit ekstra løft. Farge, miljø, rekvisittar, karakterane sin alder, rase, kjønn, alle desse elementa i biletet kan ha ei meining som saman med teksten driv handlinga framover. Som ein start meiner Traavik det kan vere greitt å ha nokre konkrete omgrep på plass, slik at ein til dømes veit at ein vaskesetel er den korte teksten bak på boka som fortel litt om innhaldet. I bileta kan ein leite etter linjer som understreka det teksten seier. Vassrette linjer skapar ro og kvile og kan gi inntrykk av stillstand, fortel lektoren. Diagonale linjer gir fart, rørsle og handling, medan loddrette linjer gir inntrykk av autoritet. Fugleperspektiv og froskeperspektiv er andre omgrep det kan vere greitt å kjenne til. Fugleperspektivet formidlar avstand og overblikk, medan fugleperspektiv kan formidle makt og avmakt. Kjønnsperspektivet er eit moment som kan opne for interessante tankar, og Traavik utfordrar lesaren til å tenkje etter: Er kjønn avgjerande for framdrifta i boka? Følgjer karakterane kjønnsnormene, er dei stereotypt framstilt? Prøv for eksempel å byte ut dei feminine karakterane i eit bilete med maskuline, føreslår ho, og spør: Endrar det framstillinga? Traavik gir i desse dagar ut ei eiga bok om biletanalyse. Kva kultur er det me ønskjer at barna våre skal lære? PiRion-kurs Les meir på www.pirion.no Litteraturskatt til alle Ei ny bok med moderne nynorsk barnelitteratur er i desse dagar på veg ut til 8 200 barnehagar og skular over heile landet, heilt gratis. Boka Les for meg! er først og fremst ei høgtlesingsbok og inneheld ei samling av tekstar, bildebøker, songar og dikt frå 43 ulike forfattarar og 22 teiknarar. Boka er meint for småfolk mellom fire og åtte år, og her kan lesar og lyttar møte Dustefjerten og Bollefisen og andre kjende barnebokfigurar. Redaktør Petra J. Helgesen fortel at det har vore ei målsetjing å formidle litteratur som ikkje er meir enn 10 år gammal. Alle tekstane så nær som éin har vore publiserte før, og ikkje alle blir presenterte i sin heilskap. Men Helgesen understrekar at alle historiene står på eigne bein. Boka har dessutan fyldige illustrasjonar som opnar for samtale og fabulering. Det har vore viktig å ha eit breitt utval av tekstar, seier Helgesen. Tekstane skal vere fengande og inspirere til vidare lesing av andre tekstar. Også for bokmålsfolk Det er Nynorsksenteret i Volda som har vore initiativtakar til utgjevinga, og boka blir gitt ut på Samlaget. Mange lærarar og førskulelærarar opplever at det kan vere vanskeleg å finne nynorske tekstar til høgtlesing. Vi håper at denne boka kan vere ein døropnar til den nynorske barnelitteraturen, fortel leiar Anne Steinsvik Nordal ved Nynorsksenteret. Det er viktig at barn får eit stort og rikt ordforråd, og lesing er eit naturleg verkemiddel i så måte, peikar Nordal på. At nynorske tekstar skal vere utfordrande å lese for bokmålsrøynde folk, er ikkje utgjevarane bekymra for. Dei aller fleste dialektar i Noreg er vel så nære nynorsk som bokmål, meiner redaktør Helgesen. Rune Belsvik les om Dustefjerten og Bollefisen, to velkjende og kjære figurar frå den norske barnelitteraturen. Frå lanseriga av antologien Les for meg! © Toyni Tobekk © Astrid Eidhammar Hjelmeland fbaargang2008 fbseksjonKIR