Skattkista Returdresse: Pirion, Næringsbedet i Vatlandsvåg, 4235 Hebnes B Dei utruleg utrøyttelege gapparane frå Fripp Av George Saunders Skald forlag, 2007 George Saunders si barnebok er både absurd, moralsk og samfunnskritisk. Ei omfattande historie saman med kreative illustrasjonar skaper ein fabelaktig barneroman. Me møter jenta Kapabla som bur i bygda Fripp der ein lever av å selje geitemjølk. Men livet er ikkje så enkelt. Bygda er nemleg infisert med såkalla gapparar, nokre små knall oransje dyr som kvar natt klengjer seg fast til geitene slik at dei ikkje gir mjølk lenger. Kvar morgon må ungane i bygda springe rundt og plukke gapparar av geitene. Men ein dag bestemmer udyra seg for berre å angripe geitene til Kapabla og faren. PiRion Boka ber preg av sterke fargar og absurde illustrasjonar som er med og driv ei spanande historie framover. Romanen har tydelege trekk av fabel, noko som gir historia eit draumepreg som mange born vil kjenne att frå eventyret. Men historia er omfattande, med fleire konflikter og forholdsvis mange personar. Difor vil truleg boka passe best for dei eldre borna, men dei yngre borna vil nok likevel finne mykje glede i dei sterke fargane og teikningane. Moralen er sentral i historia. Saunders prøver å vise oss kor viktig det er å hjelpe kvarandre, og å vere mindre egoistiske. Noko av moralen speler også på den redselen mange av oss har når livet er i ferd med å endre seg. Det er med andre ord ei historie med mange lag og som kan vere vanskeleg å orientere seg i for barnet dersom den ikkje vert supplert med forklaringar og likningar. Saunders har skrive ein barneroman dei fleste må strekkje seg etter. Det var kanskje også heile meininga. Frosken og vennene hans Av Max Velthuijs Lydbokforlaget 2008 1 CD Omsett av: Hanna Midtbø og Halldis Moren Vesaas Lest av: Inger L. Gundersen Musikk/song: Inger L. Gundersen Musikkprodusent/lydeffektar: Morten Fjøss «Det bur ein liten fyr i skogen, grøn frå topp til tå. Kan hende har du gjetta det alt, det er frosken eg tenkjer på. Og vil de høyre så skal eg fortelje om frosken i dag. Kva han og alle vennene hans gjer inni i skogen i lag. Ein frosk så grøn og grei og god, det er han du får høyre om no.» Med denne songen startar lydboka om Frosken og vennene hans. Mange har nok kjennskap til bøkene skrivne av forfattaren Max Velthuijs. Bøkene er vennlege og humoristiske og tar opp viktige emne som vennskap, kjærleik, framandfrykt, redsle og glede. Sju historier om frosken og vennene hans anda, haren, grisen og rotta er no gitt ut som lydbok. Inger L. Gundersen les og syng, og ho har også laga songane og musikken. Kvar av historiene inneheld tre songar. Morten Fjøss har laga lydeffektar som forsterkar kjenslene i forteljingane. Kombinasjonen forteljing, song, musikk og lydeffektar er svært vellukka. Det gir ein spennande variasjon. Lydboka er basert på desse bøkene om Frosken og vennene hans: Frosken om vinteren om kor fælt frosken fraus då vinteren kom, og korleis vennene hjelpte han med å halde varmen. Frosken finn ein venn om då frosken møtte den vesle bjørnen som låg heilt livlaus i graset og som han tok med seg heim. Frosken og den framande om rotta som hadde slått leir nede ved elva og som ingen ville vite noko av fordi han ikkje var ein av dei. Berre frosken lurte på kven han eigentleg var og tok turen til elva. Frosken og den spesielle dagen om då frosken følte seg lurt fordi haren hadde sagt det var ein spesiell dag, men så var det ikkje det. Eller var det...? Frosken er redd om då frosken vaknar om natta og er redd fordi han har høyrt eit spøkelse under senga. Frosken er ein helt om då frosken redda alle vennene sine etter den store flaumen eller i alle fall nesten. Den forelska frosken om då frosken forelska seg i den kvite anda. Men går det an då? At ein grøn frosk forelskar seg i ei kvit and? Dette er ei riktig kosebok for dei aller minste. Frå 4 år Elna Rivedal Tips oss på pirion@norsk-plan.no Me vil gjerne ha tips og innspel om det er noko du syns me bør ta opp, eller om du har tips om bøker me bør skriva om. Sjå og www.pirion.no PIRIONERSTØTTAAVNORSKKULTURRÅD,FAGFORBUNDETOGLNK PIRION04/2008,9.årgangen–ISSN1502-3036 Utgivar:StiftingaPirion Adresse:Pirion,NæringsbedetiVatlandsvåg, 4235HebnesTlf:52790482,faks52790481.Heimeside:www.pirion.no Ansvarlegredaktør:ToyniTobekk,mobil98221410Redaksjon:AstridEidhammerHjelmeland,tlf52790484 E-post:pirion@norsk-plan.no Formgjeving: Salikat Design LES! HØYR! fbaargang2008 fbseksjonKIR