KRONIKK Kven skal eige velferdsstaten? Er det framleis folket sin eigedom? Kvifor er det då fleire og fleire unge som ikkje opplever det slik? > JOHAN BROX Økonomistudent, fekk andrepremien i Aftenposten sin kronikktevling i vinter. I denne artikkelen spør kronikkforfattaren om velferdsstaten er ferd med å smuldre opp – privatisert og utan tillit. Det er vi som eig offentleg sektor 60 > Fagbladet 6/2008 VÅREN 2001 FEKK vi ein brosjyre frå Olje- og energidepartementet i postkassa. I brosjyren stod det at statens oljeselskap Statoil skulle noterast på Oslo Børs, slik at vanlege folk, til dømes far min, for fyrste gong kunne eige ein del av oljeeventyret. Kjøp aksjar i Statoil og vert medeigar i Noregs største selskap, var bodskapen. Far min såg lenge på brosjyren, før han heiv han. «Kva er dette for tøys,» sa han, «eg trudde folket eigde 100 prosent av Statoil allereie. Og når staten sel ut ein tredel til bankar og oljesjeikar, presenterer dei det som min gylne sjanse?» Denne episoden seier noko viktig om omgrepet eigarskap. Medan regjeringa Stoltenberg I meinte at staten ikkje representerte vanlege folk og at eit heilstatleg Statoil difor ikkje var folket sin eigedom, meinte far min at det staten eig, det eig folket. PÅ DET REALPOLITISKE plan tok far min feil. Dei siste åra Statoil var heilstatleg var det ikkje slik at kontora deira i Stavanger vart nedrent av styringsvillige folkevalte med klare ordre frå veljarane. Statoilstyret var då som no ein stat i staten og sytte for at direktiva heller gjekk frå Stavanger til Oslo enn omvendt. Ymta politikarane frampå om å verne områder i Barentshavet av omsyn til miljøet og fiskerinæringa, troppa Statoils lobbyistar opp på Stortinget for å sikre at dette ikkje vil gå ut over forventa profitt. Vi nordmenn kan ikkje slå oss på brystet og seie at vi lev i eit typen praksis vi må til livs. Når venstre- og høgresida pratar om «den nordiske modellen», pratar dei som regel om dei materielle tenestene. Einingsskolen, helsevesenet, storleiken på trygdene og så bortetter. Interessante diskusjonar, men dette er ikkje velferdsstaten. Dette er skalet til velferdsstaten. Kjernen er at kvar og ein av oss kjenner at vi eig offentleg sektor. At det er vi som bestemmer. At uterommet i byen finst for at eg skal treffe vennene «Vi kan ikkje slå oss på brystet og seie at vi lev i eit demokrati så lenge eigenrådige, byråkratiske apparat forvaltar eigedomen vår.» demokrati så lenge eigenrådige, byråkratiske apparat forvaltar eigedomen vår. På fleire frontar synest det som om dei øydsler han vekk: Omsettelege fiskekvotar tek frå oss fisken. ESAdommen mot heimfallsretten tek frå oss vassdraga. Privatiseringa og fusjoneringa av StatoilHydro tek frå oss olja. SKAL FAGRØRSLA STYRKE velferdsstaten, er det denne mine i staden for at reklameselskapet JCDecaux skal treffe meg. Då treng vi andre bystyre enn det vi har i dag. I Oslo, Bergen og Stavanger må Ap og SV sjå kva lokallaga deira får til i Trondheim, ta tak i kragen til både borgarlege parti og internasjonale reklameselskap og kaste dei på dør. Politikarar handlar innafor det dei sjølv har lært og det som ekspertane lærer dei. Ein fbaargang2008 fbseksjonHEL