Å ANERKJENNE BARNET SOM SPØR Kvifor lurar ein på alt Bøyum er førsteamanuensis i pedagogikk ved Universitetet i Bergen. Under barnehagekonferansen 2008 i Stavanger, heldt han føredraget Filosofi med små barn. Der trakk han mellom andre fram den amerikanske filosofen Matthew Lipman, som meiner at det ikkje må vere slik at ein sluttar å undre seg når ein blir vaksen. I følgje Lipman ligg feilen i    utdanningssystemet, som har mista den filosofiske dimensjonen. Tenkjeevna Lipman meiner at tenking er ei basisferdigheit på lik linje med skriving, lesing og rekning. Å tenkje godt burde vere eit like naturleg mål for utdanning som å skrive, lese og rekne godt, for ikkje å snakke om «digital kompetanse», seier Bøyum. Han trur evna til å tenkje godt er blitt ignorert i utdanningssystemet fordi ein ikkje har trudd det finst god og dårleg tenking. Tenking har blitt sett på som noko ein ikkje kan lære, men som ein kan eller ikkje kan etter kor høg IQ ein er fødd med. Dette er han ikkje einig i. Det å tenkje logisk, kritisk, klart, presist, fantasirikt, å kunne grunngje sine standpunkt, sjå saker frå fleire sider og så vidare, er evner som kan og må utviklast gjennom øving, seier han. Han meiner at gjennom filosofien lærer barna denne tenkinga naturleg ved at ein tek opp spørsmål barna sjølve er opptekne av. Store spørsmål Filosofi er å gruble over dei store spørsmåla i livet. Korleis er til dømes forholdet mellom rettferd og likskap? Kva er venleik? Kva er skilnaden mellom menneske og dyr? Viss ein er usikker på om det ein grublar på, er filosofiske spørsmål, finst det ein test ein kan bruke: -Kan du tenkje deg ei bok der svaret på spørsmålet står? Viss det finst ei slik bok, er det ikkje filosofi du driv med, seier Bøyum. mellom himmel og jord når    Samstundes skal filosofien handle om allmenne spørsmål. ein er liten, for seinare å ende opp som ein vaksen som skammar seg viss ein skulle komme til å undre seg over noko? Filosofen Steinar Bøyum er oppteken av å ta vare på barnet sitt intense ynskje om å forstå kvifor ting er Korleis kan barn, som kanskje har ei avgrensa forståing av generelle omgrep som til dømes rettferd, filosofere over slike omgrep? Bøyum meiner at ein ikkje treng kunne abstrakte omgrep for å kunne filosofere. Ein diktar kan skrive om ein spesiell blome og få det til å handle om blomar generelt eller livet generelt. Slik kan born til dømes snakke om fordeling av kake og samstundes reflektere over rettferd generelt, også utan at dei treng forstå vanskelege ord. Korleis gjer ein det? Må ein vere filosof for å kunne filosofere med barn? Nei, meiner Bøyum. Mange barnehagearbeidarar gjer det allereie, kanskje slik dei er.    utan å tenkje over at det er det dei gjer. Han meiner likevel at ein kan bli betre til å fange opp og vidareføre filosofiske augneblikk. FOTO: SIRI EKKER SVENDSEN    Det hjelper å vere bevisst og open for filosofien, og å øve seg i å TEKST: RAGNHILD MARGRETHA TARANGER ? fbaargang2008 fbseksjonKIR