? filosofere. Det kan sjølvsagt også hjelpe å lese litt filosofi sjølv, seier filosofen, som trur meir på spontane, filosofiske samtalar som oppstår gjennom leik og daglege gjeremål, enn strukturerte og planlagte filosofistunder. Bøyum føreslår å ta utgangspunkt i utsegner, leik med ord eller hendingar for å kome i gang med filosofiske samtalar med barn. Han fortel om sonen sin, som ein morgon var sint fordi det var mørkt ute. Han meinte at det var natt, og at han ikkje ville gå i barnehagen midt på natta. Systera meinte at det var Gud som bestemte at det skulle vere mørkt, og slik byrja ein diskusjon om kva Gud eigentleg kan bestemme, ikkje ulikt det filosofane dreiv på med i middelalderen. Ein flyktig kunst Bøyum understrekar at det ikkje blei noka lang samtale, og at ein ikkje skal vente at filosofiske samtalar med barn blir lange og djupe. Ein skal ikkje vere trist over at filosofien fer så fort forbi, det er ikkje mengda det kjem an på. Det er det å røre ved filosofiske tema, og slik halde den filosofiske forundringa i live, som er det viktige, og som Bøyum håpar at ein kan gjere oftare, også i barnehagen. Sjølvaste Sokrates meinte at tulleri var kjelda til filosofien. Og dei fleste barn elskar å tulle og leike med ord. Kva viss det var natt om dagen? Kan storebroren vere mindre enn veslebroren? Tenk om tida gjekk baklengs? Tenk om barna bestemte alt? Ved å tulle og opne oss for at ting kan vere annleis enn det vi er vane med, gjer vi verda til noko framand, noko vi kan undre oss over, slår Bøyum fast. Også små og store hendingar vi opplever, kan ha filosofisk potensiale i seg, i følgje Bøyum. Noko som skjer eller noko ein ser, kan skape små gliper i kvardagen der det opnar seg rom for filosofisk refleksjon. Både ein blome som veks eller nokon som døyr, kan vere gode inngangar til filosofien. Den vaksne, pedagogen, skal ikkje vere den som sit inne med kunnskap som skal bringast vidare, men snarare ein samtaleleiar som sørgjer for at ein held seg på sporet. Men samtalane skal vere spontane og umiddelbare og ikke trekkjast lenger enn det barna sjølve vil. Anerkjenning Bøyum åtvarar mot å avvise barns tilløp til filosofisk refleksjon ved å til dømes unngå å ta opp spørsmåla dei stiller. Barn merkar fort kva som gjer vaksne forlegne eller engstelege, og trur gjerne at ein ikkje skal spørje om slike ting (til dømes kva som skjer etter døden). Heller ikkje å smile og kaste spørsmålet tilbake til barnet med eit kva syns du? er noko Bøyum vil anbefale. Ein slik reaksjon kan og virke som ei avvising. Ofte er det betre å prøve å seie kva ein meiner, men å gjere det på ein slik måte at barnet forstår at det er eit ope spørsmål. Han er oppteken av at ein ved å setje ord på slike store spørsmål anerkjenner at dei finst. Ein viser barna at dei vaksne óg tenkjer på slike ting, og at ein kan diskutere dei. Det er godt for barn å vite at spørsmåla ikkje er farlege, og at dei kan vere viktige, meiner filosofen. Risikosport Bøyum meiner at det ikkje er heilt uproblematisk å lære barn å tenkje. Vi vil jo ikkje ha ungar som diskuterer om ein skal gå på raudt lys, til dømes. Og i nokre familiar kan det nok vere svært upassande med ein pode som allerede i barnehagen byrjar å stille spørsmål ved om Gud eksisterer. Ein kan ikkje vite kva ein kjem fram til når ein først har byrja å tenkje, seier Bøyum. Likevel meiner han at ungane har rett til å få utvikle tenkjeevna si, og viser til FNs barnekonvensjon. Der heiter det nemleg at barn har rett til «tankefrihet, samvittighetsfrihet og religionsfrihet». Denne retten må vi ta på alvor, meiner Bøyum, og konkluderar med at det er på sin plass at filosofien no er komen inn i rammeplanen for barnehagen. Å anerkjenne filosofiske spørsmål er å anerkjenne barnet som spør, seier Steinar Bøyum. ? ? ? fbaargang2008 fbseksjonKIR