Skattkista Returdresse: Pirion, Næringsbedet i Vatlandsvåg, 4235 Hebnes B Jakob og Neikob Av Kari Stai Samlaget 2008 Nokre menneske har lett for å seie ja, andre svarar nei til det meste. Jakob og Neikob lærer oss at nei kan bli til ja, og at jamenneske også av og til må setje grenser. Jakob er den positive, den som kjøper lamper og trommer av seljarar, den som alltid vil på tur og som let farlege tjuvar få lov til å sitje på heilt til Utlandet. Neikob, derimot, er skeptisk til det meste, han vil ikkje dele hus med Jakob på grunn av alt det Jakob kjøper, han vil ikkje ha boller og ikkje vere med på biltur. Neikob kan faktisk seie nei på hundrevis av språk. Men så kjem Jakob på det geniale. «Du seier vel ikkje nei til ein biltur, vel?» spør han Neikob, som sjølvsagt svarer «Nei». Dermed reiser dei på tur mot Utlandet. Kari Stai, som er både tekstforfattar og illustratør av boka, tek opp eit viktig tema dei fleste av oss vil kjenne seg att i. Ofte kan det vere naudsynt at nokon fortel oss om me bør seie ja eller nei. Ingen av oss kan vere positive eller negative til alt. Teikningane i boka er store og dominerande med klåre fargar. Dei er enkle i streken og gir oss eit tydeleg inntrykk av Jakob og Neikob, ikkje minst gjennom ansiktsuttrykk som tydeleg viser oss kven som seier ja og nei. Det er tydeleg at illustrasjonane er inspirerte av kollasj noko som gir eit levande uttrykk. Dei små tekstavsnitta finn sine naturlege plassar på sidene og fører til at boka truleg vil passe best som høgtlesing for born frå fire år og oppover. Med så sterke teikningar vil det også for dei minste vere lett å fylgje med i handlinga. Jakob og Neikob har også fått sin plass i antologien Les for meg!, som Nynorsksenteret står bak. Denne antologien vert gitt som gåve til alle barnehagar og småskular i landet. Kva kultur er PiRion -kurs Korleis skapar me ein det me ønskjer at barna våre skal lære? Om kurset Kulturavisa Pirion tilbyr kurs i kulturformidling for tilsette i arnehage og småskule og elles andre som arbeider med små barn. Kurset skal vere med å bevisstgjera dei vaksne på kva kultur ein ønskjer å formidle og syne korleis den lokale kulturen og historia er eit godt grunnlag for dette. kulturbarnehage? Ole Brum, Ola Tveiten eller Barbie, Samstundes blir det praktiske øvingar som dei vaksne kan ta med seg i sitt vidare arbeid. Pirionkurset passar for både små og store grupper. Kurset varar mellom 6 og 8 timar. Om Pirion Stiftinga Pirion gir ut kulturavisa Pirion fire gonger i året. Me bidreg og fast til Fagbladet, seksjon kyrkje, kultur og oppvekst, åtte gonger årleg. Pirionkursa er eit tilbod me har til alle, heilt uavhengig av abonnement. Om kurshaldarane Kurshaldarane våre har brei erfaring frå folkemusikk, forteljarstudium, kulturskule og kulturliv generelt. kor hentar barna opplevingar frå? Kontakt: Vil du tinga kurs eller få meir informasjon, ta kontakt med Astrid Eidhammer Hjelmeland: tlf:52790484/97194788 (måndag og tysdag mellom 9 og 15) epost: pirion@norsk-plan.no Judith Sørhus Litlehamar PiRion Tips oss på pirion@norsk-plan.no Me vil gjerne ha tips og innspel om det er noko du syns me bør ta opp, eller om du har tips om bøker me bør skriva om. Sjå og www.pirion.no PIRION ER STØTTA AV NORSK KULTURRÅD, FAGFORBUNDET OG LNK PIRION 05/2008, 9. årgangen – ISSN 1502-3036 Utgivar: Stiftinga Pirion Adresse: Pirion, Næringsbedet i Vatlandsvåg, 4235HebnesTlf:52790482,faks52790481.Heimeside:www.pirion.no Ansvarlegredaktør:ToyniTobekk,mobil98221410Redaksjon:AstridEidhammerHjelmeland,tlf52790484 E-post:pirion@norsk-plan.no Formgjeving: Salikat Design LES! HØYR! fbaargang2008 fbseksjonKIR