SEKSJON KONTOR OG ADMINISTRASJON > Arena for trivsel Tilsette som er nøgde, snakkar positivt om arbeidsplassen sin. Då er vegen til eit godt omdøme kort. Interne, trivelege arenaer er eitt av fleire middel til å skape seg eit godt rykte. Tekst: KARIN E. SVENDSEN Foto: GUNN HEIDI NAKREM Første bod for ein kommune som vil bli populær ute blant folk, er at dei tilsette sjølv er nøgde. Melhus kommune i Sør-Trøndelag har difor utvikla interne arenaer slik at dei tilsette møter kvarandre og den administrative leiinga på nye måtar. Roy Jevard, rådmann i Melhus, fortel at kommunen har nytta ein profesjonell kommunikasjonsrådgjevar mellom anna for å utvikle nyttige og trivelege møteplassar for dei tilsette. V-seminar – Alle dei 1500 tilsette er pålagde å møte rådmannen tre timar i året. Saman med kommunikasjonsrådgjevaren køyrer han eit tre timar langt opplegg med video, føredrag og samtale. Dei tilsette vert delte opp i fire grupper, og i løpet av to dagar vert same opplegget køyrt for alle gruppene. – Då fyller vi opp Kulturstova med om lag 400 tilsette kvar gong og syner ein video kor ein av dei tilsette presenterer arbeidsplassen sin for dei andre. Etterpå diskuterer vi eit eller fleire tema som den politiske og administrative leiinga meiner det er naudsynt å fokusere på. Tema på VI-seminaret i fjor var varslarrolla og etikk. VI-kor og -fest Kommunen har danna sitt eige kor som syng på VI-seminaret og andre samankomstar. Men på den store VI-festen, som går føre seg i februar kvart år, vert også eksterne krefter hyra inn for å underhalde. I fjor var det Arthur Arntzen som snakka om livsglede i arbeidslivet. – Alle 1500 vert inviterte, og vi plar vere om lag 650 tilsette på desse festane, opplyser Jevard. Rådmannen sjølv og heile leiargruppa hans utgjer festkomiteen. Dei 30 byrjar med å gjere klart til fest klokka 12 og ryddar til neste morgon. Då har dei tilsette fått ein god middag, topp underhaldning og levande dansemusikk for ein hundrelapp. Dagleglivet Rådmannen vitjar også alle dei 23 verksemdene i kommunen kvart år. – Då møter eg dei som er på jobb, og vi har ein dialog på utfordringane dei tilsette har. Jevard er oppteken av at også brukarane av kommunens tenester, det vil seie innbyggjarane i Melhus, skal ha eit godt inntrykk av kommunen. – Vi har som mål at lokalavisa skal få minst ei god historie frå oss kvar veke. Alle verksemdsleiarar har difor ansvar for å tipse Trønderbladet når noko skjer. Kommunen har nytta ekstern hjelp for å utvikle nettsidene sine og ein kommunikasjonsplan – Vi bruker den eksterne kommunikasjonsrådgjevaren 12–15 timar i året. Elles har vi utvikla kompetanse slik at vi sjølv kan drifte nettsidene, kontakten med innbyggjarane og media, seier rådmannen. GODT RYKTE: – Dei tilsette og det dei seier om kommunen, er avgjerande om kommunen skal få eit godt omdøme, meiner Roy Jevard, rådmann i Melhus kommune. > MELHUS • Kommunen har litt over 14.000 innbyggjarar og sju tettstader. Melhus ligg rett sør for Trondheim. Jernbanen og E6 går rett gjennom kommunen frå nord til sør. Trondheim Melhus • Arbeidarpartiet er største partiet med 13 av 38 representantar i kommunestyret. Erling Bøhle er ordførar. Fagbladet 6/2008 > 27 fbaargang2008 fbseksjonKON