Kunst og kjemi Denne hausten har fleire hundre elevar vore innom Kunstsenteret i Førde. Dei har eksperimentert med raudkål, ulike væsker og fargar. Dei fargerike eksperimenta kan vere på veg til å bli kunst. Tekst: KARIN E. SVENDSEN    Foto: STEIN SANDEMOSE BÅRDSEN (Sogn og Fjordane Kunstmuseum) KUNSTVERK: Ein performanceinstallasjon av Sinikka J. Olsen. Alle dei 600 elevane på ungdomsskulane i Førde og nabokommunane Naustdal, Gaular og Jølster fekk i september vitje Kunstsenteret sør i Sogn og Fjordane. Her har dei møtt biletkunstnaren Sinikka J. Olsen, fått ein innføring i prosessen og med kvite frakkar sjølv fått høve til å teste ut ulike kjemiske reaksjonar. Fargar av grønsak Olsen har sjølv utvikla ein teknikk for å framstille fargar, mønster og formar ved at ulike væsker vert dryppa på eit fotopapir som har vore fukta i raudkålsaft. Dei fargane og mønstra som oppstår på denne måten, vert overførte til ein pc, der ho arbeider vidare. – Raudkål inneheld mengder av antocyaniner og kan brukast til å indikere pH-verdien i ei væske, forklårar Morten Johan Svendsen, direktør ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Raudkålens antocyaniner har tydelege fargeomslag. Kunstnaren har funne fram til at dei er raude i sure løysingar, lilla ved nøytrale løysingar og blå i basiske løysingar. I tillegg vert det danna ein sterk gul farge i sterke basiske løysingar når antocyaninane vert brotne ned. Laboratorium i galleri – Galleriet er omskapt til forskningslaboratorium, og med innlånt utstyr frå Sentralsjukehuset i Førde har me prøvd å skape ein vitskapleg atmosfære slik at elevane får ei kjensle av å arbeide i eit forskningslaboratorium, fortel Svendsen. 28 > Fagbladet 7/2008 fbaargang2008 fbseksjonKIR