– Elevane testar ut dei kjemiske prosessane og studerer resultata i mikroskop. Slik opplever dei noko av den forskarsituasjonen som einskilde kunstnarar i dag oppsøkjer i sin søken etter å skape ny kunst, seier museumsdirektøren. Elevane får rettleiing av kunstnaren medan dei arbeider. Utvida tekstomgrep Ein av lærarane som tok med elevane for å ta del i raudkålprosjektet, er Ivar Svensøy, lektor ved Hafstad vidaregåande skule i Førde. – Me var to lærarar som gjekk i lag saman med ei gruppe på 36 elevar, fortel han. Dei to lærarane underviser i norsk, og meiner faget bør omfatte alle uttrykksformer. – I eit utvida tekstomgrep er ein slik utstilling og slike prosessar som me var med på her, absolutt relevant for elevane og faget. Norskfaget er skulefaget for kulturformidling, og me tenkjer jo at me skal lære dei unge til å verte kulturelle menneske, seier Svensøy. Lektoren ved Hafstad meiner at skulen kanskje for sjeldan orienterer seg mot andre former for kunst enn den tradisjonelt litterære, og at skulane kunne nytte utstillingar litt oftare. – Det blir for lita tid til denne typen arbeid. Men dette var eit avbrekk som dei aller fleste elevane syntes var interessant og kjekt å få vere med på. LEIK OG FORSKING: Elevane studerer mønstre og fargar på fotopapiret etter at det har vore i kontakt med ulike væsker og raudkål. > Fagbladet 7/2008 > 29 fbaargang2008 fbseksjonKIR