SIN EIGEN TEKNIKK: Sinikka J. Olsen får fram mange fargar ved hjelp av raudkål og ulike væsker. Utstilling Delar av lokalet er innreidd som ein oase for refleksjon og kvile. – Her kan elevar og publikum finne litteratur til inspirasjon for eiga skaping eller diskutere kunst med andre forskarar, fortel Svendsen. På veggane heng ein del bilete som Sinikka J. Olsen sjølv har laga. Men utstillinga endrar seg etter kvart som fleire og fleire elevar er ferdige med sine bilete. Raudkålforsøk er eit samarbeidsprosjekt mellom Den Kulturelle Skulesekken i Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Olsen har tidlegare vitja nokre skular på Austlandet og presentert teknikken og bileta sine, men dette er fyrste gongen ho samarbeider med eit museum og presenterer installasjonen i full skala. Det var sett av tre veker til prosjektet, men interessa frå skulane var så stor at kunstnaren og museet heldt på ei ekstra veke. – For oss som er eit lite museum, har det vore kjempegøy å handtere dette, seier Svendsen. Han er også nøgd med at ikkje berre alle ungdomsskulane ville kome, men også fleire vidaregåande skular. – Det er sjølvsagt svært hyggeleg at tilbodet vart så godt motteken. Men samstundes er det leit at ikkje alle som kunne tenkje seg å kome, får høve til å besøke oss denne gongen, seier han. Slik kan du eksperimentere med raudkål Raudkålforsøk handlar kort om ein ny måte å framstille fargar, mønstre og former på. Utfør overflatekjemiske eksperiment med raudkålbehandla fotoprintpapir som fargeindikator. Eksperimenter med sjølvvalde væsker. Raudkål inneheld ei blanding av antocyaniner i uvanleg store mengder. Antocyaninar er ei gruppe kjemiske stoff som fins i artar av blomsterplantar, tydelegast i frukt og blomar. Dei har sterke fargar, vanlegvis raud, rosa, lilla, blå og oransje. Antocyaninane skifter farge når dei kjem i kontakt med ulike syrehaldige væsker. Ettersom raudkål inneheld mengder av antocyaniner kan han brukast til å indikere graden av surleik. Raudkålens antocyaniner har to tydelege fargeomslag. Dei er raude i sure løysingar, lilla ved nøytrale løysingar og blå i basiske løysingar. I tillegg vert det danna ein gul farge i sterke basiske løysingar når antocyaninane vert bråten ned. I oppskrifta som følgjar, vert forsøka utførte på eit fotoprintpapir. Fotoprintpapiret har sin eigen kjemiske samansetning som saman med raudkålen er med på å påverke sluttresultatet. Utstyr: Fotoprintpapir Kniv Fjøl Liten bolle, bør romme ein liter væske Stor bolle med plass til eit A4-ark Sil Q-tips Stoff: Raudkål Vatn Sjølvvalde væsker Slik går du fram: • • • • • • Skjær raudkål i skiver. Legg skivene i den vesle bollen og hell varmt vatn over. La raudkålen liggje i vassbadet i om lag eit døger til vatnet har fått ein lys raud eller lilla farge. Sil raudkålbadet over i den store bollen. Du har no fått ein fargeindikator. Legg eit stykke fotoprintpapir i badet. La det liggje i badet mellom to og ti minutt. Det blir blåare jo lengre det blir væta. Ta opp det farga arket og tørk det. Dypp q-tips i ønska væske, dypp dine raudkålforsøk på arket og la forsøka tørke. 30 > Fagbladet 7/2008 fbaargang2008 fbseksjonKIR