Haugtussa prosjektet Treårig litteratur- og språkprosjekt der bokmålselevar i 2 – 4 klasse ved Våland skole i Stavanger har lest og jobba med tekstar frå Arne Garborg si Haugtussa. Målet har vore å lære elevane nynorsk tidleg i barneskulen utan å direkte undervise i det. Initiativtakar til prosjektet er lærar ved Våland skole, Lise Lunde Nilsen. Prosjektet fekk støtte frå nynorsksenteret og vart avslutta no i vår. mange av sidene har læraren kommentert, både på bokmål og nynorsk. Gå via litteraturen Sidan desse borna var så unge, måtte me bruke den ytre handlinga om Veslemøy som grunnlag for arbeidet, seier Nilsen og viser til at Haugtussa i utgangspunktet er ein ganske tung tekst av Garborg. Lise Lunde Nilsen har også tidlegare undervist om Haugtussa i barneskulen. Men dette er første gang opplegget får støtte av Senter for nynorsk i opplæringa i Volda. Nynorsksenteret rår då også til å starte tidlegare med undervisning i nynorsk. Nilsen kjenner ikkje til liknande prosjekt i landet og meiner det heilt klårt er for lite satsing på å få nynorsken inn tidleg i barneskulen. Tipset må vere å gå via litteraturen, det er bakvegen til språket. Finn ein spanande tekst som til dømes Katten av Olav H. Hauge. Det er eit dikt ein kan arbeide med også saman med dei minste borna, seier ho. Nilsen trur ikkje det vert nokon reprise av Haugtussa-prosjektet til hausten, men kanskje vert det noko som liknar. Me kjem nok til å jobbe litterært til hausten også. Kanskje blir det ei satsing på Wergeland sidan det det er Wergeland-år, smiler ho. Ein av tekstane til Våland elevane. fbaargang2008 fbseksjonKIR