PiRion – kulturavis for barnehagar og skular LES FOR MEG! Distribuert med Fagbladet. Eit knippe av haustens bøker ABC Tekst: Olav H. Hauge Teikning: Bodil Cappelen Samlaget 2008 I år er det hundre år sidan Olav H. Hauge vart fødd. I samband med dette kjem det ut ein del nyutgivingar om forfattaren og diktinga hans. I tillegg kjem nokre bøker i ny drakt. I barneboka ABC har Olav H. Hauge skrive tekstane, medan kona Bodil Cappelen har teikna dei fyldige illustrasjonane. Boka kom første gang ut i 1986. Dette er ein tradisjonell ABC, med eit vers til kvar bokstav. Teksten er skriven i blokkbokstavar, noko som gjer den lett å lese, også for dei som nett har lært seg lesekunsten. Havet voggar blått og blankt. Me skal sigla langt langt! Far seier jorda ho er rund So me kjem att i same sund. Versa har også mykje rim og rytme, som gjer lesinga enklare og teksten lettare å minnast. Judith Sørhus Litlehamar Garmanns gate Tekst og illustrasjon: Stian Hole Cappelen Damm 2008 Skummelt vakkert i Garmanns gate: Stian Hole hausta i fjor prisar både i inn og utland for den fyrste boka om Garmann, Garmanns Sommer. No er han tilbake med ei ny vakker og skummel bok om den vesle guten som denne gongen har byrja på skulen. Når Roy i fjerde dukkar opp, ynskjer Garmann at han er på ferie i Kina eller at han blir borte som spurvane i hekken. Roy er kongen i gata og bestemmer alt. Garmann har våga seg inn i hagen til Frimerkemannen, der det frå før er skummelt nok. Så får Roy han til å tenne på det tørre graset, og då blir alt farleg og fælt. Ragnhild Margretha Taranger Iver baker Tekst og bilde: Marianne Nygård og Jørgen Nordlie Damm forlag 2008 Iver og Blå skal bake kake den beste kaka i verda. Dei byrjar med gode, raude eple, men finn etter kvart ut at grøne eple, appelsinar, fisk òg kjøttbein og kan gjere seg som kakepynt. Ein hummar er det jammen også plass til på toppen. Iver baker er eit godt utgangspunkt for samtale om fargar og fasongar og ikkje minst om kva som det faktisk går an å gjere. Ei søt lita bok for dei minste ungane, dette her. Toyni Tobekk nr. 7 2008 fbaargang2008 fbseksjonKIR