Kuvenninnene Tekst og illustrasjon: Annlaug Auestad Samlaget 2008 Dette er ei fargerik bildebok som truleg passar best for dei mellom 3 og 6 år. Kuvenninnene diskuterer, kranglar og slåst. Gullhorn, Berta, Konni, Jorun og Bjøllekua er gode venninner heilt til dei byrjar å diskutere kven som er finast, har størst horn, den beste klangen i bjølla eller det største juret. Då utviklar det heile seg til ein slåsskamp utan like. Auestad har både forfatta og illustrert boka med store og gode teikningar. Dyra har fått klåre ansiktsuttrykk, og sjølve kampen vert illustrert slik at sjølv dei yngste borna vil kunne sjå føre seg kva som skjer. Teikningane er på kvit bakgrunn, noko som også gjer at dei er lette å sjå og forstå. Teksten er mindre viktig og står nedst på sidene, i fotnoteform. Likevel er dette ei bok med rauting på høgt plan. Judith Sørhus Litlehamar Les for meg! Redaktør: Petra J. Helgesen Samlaget 2008 Dette er ein antologi mange har venta på, og samlinga gir oss som lesarar eit godt og omfattande møte med kva den nynorske barnelitteraturen har å by på. Her møter me alt frå flekkmonsteret som bygger harefelle, Noas sjark, det store alfabetdiktet, Jakob og Neikob og mange kjekke songar. Boka vert gitt til alle barnehagar og fyrsteklassar i landet, og bak lanseringa står Nynorsksenteret i Volda. Boka er fargerik og har eit stort spekter, både i tekst og illustrasjon. Dei klåre fargane fører til at samlinga vert oversiktleg, og at den ikkje verkar så tung som den kanskje kunne. Boka vender seg også med ei helsing til førskulelærar og lærar om korleis dei best kan nytte seg av samlinga. Med trettiåtte forfattarar og tjueto illustratørar vert boka både omfattande og grundig. Ein styrke med samlinga er detaljene. Her er songar med noter og rause illustrasjonar med ein klår strek. Dei sterke fargane er gjennomførte, og boka er då også delt opp med fargeseksjonar. Her er ei god blanding av kortare og lengre tekstar som alle høver godt til opplesing. Og det er lesestunda for dei minste som står i sentrum. Antologien vil truleg bli ein viktig reiskap for høgtlesing, både i barnehage og skule. Judith Sørhus Litlehamar Lukas bygger olabil Av: Akin Duzakin Samlaget 2008 Lukas skulle så gjerne hatt ein olabil og spør pappa om hjelp. Dermed byrjar prosjektet med å byggje olabil. Arbeidet er så rikt illustrert gjennom boka at den nesten kan brukast som ei oppskrift for andre som har lyst til å prøve seg. Trinn for trinn er det skildra, både gjennom ord og teikningar, kva ein må gjere. Og teikningane er så nøyaktige og detaljerte at ein nesten kan få lyst til å byrje bygginga med ein gong. Dette er ei solskinshistorie, utan masing eller problem. Her reiser far og Lukas på butikken for å kjøpe det dei treng. Deretter byggjer dei olabilen utan problem. Kanskje for godt til å vere sant? Judith Sørhus Litlehamar Mamma er best! Pappa er best! Tekst og teikning: Björk Bjarkadottir Skald forlag 2008 SÅ BRA!!!! tenkjer eg når eg får bøker med god nynorsk tekst for førskulebarn. Det tenkte eg no òg då eg fekk dei to små biletbøkene av Björk Bjarkadottir. Dei er gode å ta i og lette å handtere for barn frå tre-fireårsalderen med den korte teksten på motståande side. Annakvar side er som eit lite måleri, med vakre, noko mørke fargar. Illustrasjonane er klare og enkle, og dersom ein liker den naivistiske streken, vil dei sikkert falle i smak hjå både vaksne og barn. Eg, som tilhøyrer bestemorgenerasjonen, synest likevel litt synd i barn i dag som får bilete som anten er ei etteraping av det barn teiknar sjølv, eller noko som er såkalla «kunstnerisk» og meir for vaksne. Men illustrasjonane i fbaargang2008 fbseksjonKIR