Skattkista Returdresse: Pirion, Næringsbedet i Vatlandsvåg, 4235 Hebnes B ei tomflaske. Reven og Grisungen vil gjerne lage sin eigen tutomat, men den skal derimot vere for fulle flasker som dei seinare kan drikke opp. Judith Sørhus Litlehamar Verdens største gorilla og andre rim Tekst: Linde Hagerup Illustrasjon: Thore Hansen Cappelen Damm 2008 Dette er ei samling med dikt og vers. Tøysete, morosame og litt meir alvorlege vers. Linde Hagerup har klart å gi oss ei samling dikt som me likar å lese høgt ja som ein nesten kan syngje. For dette er vers fylte med rim, rytme og klang. Vers som vert verande oppe i hovudet og som ein kan nynne for seg sjølv, om og om igjen. Ingen vet hvor haren hopper Hit og dit, og opp og ned Ingen vet når haren stopper Stopper haren, har den fred. Hagerup skriv mykje i fast form, og her er bruk av både enderim og bokstavrim. Dette gjer mange av versa lette å hugse og fører til at borna kjenner att trekk frå andre rim og regler. I mange av versa er språket det viktigaste, humor vert brukt som eit verkemiddel for å kunne la rimet stå på eigne bein. Trass i dette er det også innslag av alvor: Tid er aldeles merkverdig Først snegler den seg av sted Men viss du slår tiden i hel Så går den som bare det I slike innslag har også den vaksne lesaren noko å strekkje seg etter. Tekstane ber elles preg av den enkle handlinga, kvardagen. Samstundes vert dikta om store mysterium som verdsrommet. Judith Sørhus Litlehamar Pakken fra Australia Av: Jan-Kåre Øien Cappelen Damm 2008 Me møter Harepus, som under frukosten ein dag får ein kjempestor pakke levert på døra. Kven kan det vere frå og kva er inni pakken? Piggsvin vil gjerne hjelpe Harepus med å finne ut kva som er i pakken, og saman byrjar dei å pakke opp. Pakken viser seg å vere frå ein onkel i Australia, og inni er faktisk eit heilt trekkspel. Dette er den enkle historia om mysteriet som vert løyst, og der ein til slutt endar med å hjelpe nokon ein ikkje visste trong det eingong. Den Vandrande Katt kjem nemleg forbi med ei trist historie, men så finn han trekkspelet og alt fell på plass. I Pakken fra Australia er det teikningane, illustrasjonane som er det viktigaste. Teksten kjem i andre rekke og er meir å rekne som eit tillegg til teikningane. Framfor alt er det illustrasjonane som fortel og ber historia vidare. Øien kan kunsten å skape eit eige univers med blyanten, eit lite samfunn som i stor grad minner oss om Hundremeterskogen. Her er også dyr som snakkar, som bur i hus, som lagar seg frukost og får pakkar levert på døra. Med andre ord dyr som lever som menneske. Judith Sørhus Litlehamar PiRion Tips oss på pirion@norsk-plan.no Me vil gjerne ha tips og innspel om det er noko du syns me bør ta opp, eller om du har tips om bøker me bør skriva om. Sjå og www.pirion.no PIRION ER STØTTA AV NORSK KULTURRÅD, FAGFORBUNDET OG LNK PIRION 07/2008, 9. årgangen – ISSN 1502-3036 Utgivar: Stiftinga Pirion Adresse: Pirion, Næringsbedet i Vatlandsvåg, 4235HebnesTlf:52790482,faks52790481.Heimeside:www.pirion.no Ansvarlegredaktør:ToyniTobekk,mobil98221410Redaksjon:AstridEidhammerHjelmeland,tlf52790484 E-post:pirion@norsk-plan.no Formgjeving: Salikat Design fbaargang2008 fbseksjonKIR