FRILUFTSOPPLEVINGAR Inni stova har Kjerstin Myren Bjelland fått eld i den kvitmala peisen. Det knitrar godt. Bjelland er tidsriktig kledd i stakk og sjal. Ho ventar på at borna skal koma inn, for då skal dei syngje, danse og ete matpakkene sine. Vanligvis byr ein på tradisjonskost laga med dei små som medhjelparar, men novemberkulda har ført til sjukdom i museumsstaben. Derfor blir det brødskiver i dag. Når eg spør kva dei har hatt på menyen tidlegare, er det sveler og komler som blir nemnt først. FRITT FRAM! Her på Nesset er det fritt fram for både å sjå og røre. Gjenstandane i huset er anten gamle bruksting eller reproduksjonar av dette, men alt kan nyttast. I ein krok står ei gammal seng, og ved sida av ho ei symaskin som har tilhøyrt formidlingsleiar Garberg si eiga slekt. Ull og garnnøster blir oppbevara i små korger, og kven som vil kan kare. På motsatt side av senga kan ungane flokke seg rundt ei kiste med eit heilt spesielt innhald: dusinvis av heimelaga dokker og bamsar. På det malte tregolvet er det lagt nokre skinnfellar som er mjuke og varme å sitje på. Etter ei lita stund kjem borna inn. Dei tilhøyrer tre familiebarnehager i nærleiken som pleier å reise hit kvar veke for sosialt samvær, kulturopplevingar og kos. Bjelland samlar troppane og drar i gang ein musikkseanse. Borna, mange av dei har nyleg lært å gå, deltar aktivt i sang og klapping. Dei går i ring og heng med så godt dei kan, til orda Du halling, du halling, nå må du spise mykje graut, med honning, med honning, så vert du sterk og staut. KULTURELL KAPITAL Førskulelærararne Bente Rodahl og Hege Strømsem er ivrige brukarare av museet sine tenester. Rodahl forklarer at dei kjem for å gi borna ein smak av gammal på Byåsen i Trondheim ligg ein stor, moderne bygning i tre og glas. Innanfor dørene fins eit luftig lokale som kombinerer resepsjon, butikk og kafe. Bak butikken finn me Kreativt Verksted, eit rom der spedbarn og foreldre møtest til allsang to dagar i veka. På motsatt side finn me eit auditorium og inngangen til Sverresborg Museum si faste utstilling. Men for å oppleve det mest spennande, må me ut i friluft. På baksida av det snart ti år gamle bygget ligg Trøndelag Folkemuseum; eit område som strekk seg over 150 dekar og inneheld fleire gardar frå 1700- og 1800talet. Ein heil «gamleby» har fått plass innanfor museumsgrensene, det står dessutan ein sjarmerande gammal skulebygning her. I sommarhalvåret opnar kolonialen for dei besøkande og fristar med tradisjonsrikt sukkertøy. Samstundes ferierer griser, høns, sauer, kyr og kaniner i dei grøne omgjevnadane. VINTERLAND Den dagen Pirion si utsending besøkjer staden, er det vinter. Nysnøen er kun nokre timar gammal, og det er fem veker til julaftan. Saman med avdelingsleier Ann Siri Hegseth Garberg pesar eg meg oppover bakkane frå museet sin hovudbygning til Meråker-garden Nesset. I dag er det open barnehage, og ti-tolv smårollingar kosar seg på tunet utanfor den vesle stova. Årets første snømann blir laga, komplett med raudbrunt kvisthår og haustblad som dekorasjon. Lyse, frydefulle kvin seglar gjennom lufta: Dette er toppen av lukke! Dino Makridis, Trøndelag Folkemuseum fbaargang2009 fbseksjonKIR