SVENSK-NORSK PILOTPROSJEKT Sverresborg Museum samarbeidar med Jämtland Läns Museum i Østersund om ei ny førskulelærarutdanning med eit langt breiare fokus på kulturformidling. I skrivande stund ventar dei på svar frå EU. Dersom søknaden blir godtatt, kan det vere mogleg å søkje på den nye utdanninga allereie i år. Utdanninga vil verte lagd til til Dronning Mauds Minne i Trondheim. Skilnaden mellom den tradisjonelle førskulelærarutdanninga og det norsk-svenske pilotprosjektet er at mykje meir av pensum vil omhandle barnekultur, historie og kulturformidling. Museumsfolk vil kunne gå inn som førelesarar med sin unike kompetanse på feltet. Opptakskrava og andre krav vil vere dei same som ved den ordinære utdanninga. kultur. Nesset gard formidlar dette på ein utmerka måte slik at førskulelærararne slepp å sette seg inn i alt på eiga hand. Strømsem understrekar at det er viktig å få oppleve kulturen i praksis, i staden for berre å bli fortalt om han. Mange av museet sine tilsette er utdanna skodespelarar eller har studert historie, og er derfor godt kvalifiserte til denne typen formidlingsarbeid. På Sverresborg er det eit utal aktivitetstilbod. Ein kan til dømes setje av heile dagen til aking i den fine bakken på området, dersom friluftsgleder ein dag skulle freiste meir enn baking, karing og sang. Ordet «skjørtekant-pedagogikk» blir nemnt, noko som er eit godt bilete: I tidlegare tider var borna meir involverte i det daglege livet. Dei hang i skjørta på mor. I dag er dei fleste borna i barnehagen, og då er det viktig å ta vare på tradisjonane og sørgje for at kulturarva framleis vil møte forståing i generasjonane framover. GJENBRUK OG VERDIAR Over ein kopp kaffi i museumskafeen Bagle fortel Garberg at ungane synest det er spennande med «gamledager». For dei er det ei ny verd som opnar seg. Tidlegare har ho lagt merke til at leiketøysutstillinga som museet har hatt, har ført barneborn og besteforeldre saman. Borna synest det er morosamt å sjå kva folk leika med tidleg på 1900-talet, og for besteforeldrene er det stor gjensynsglede knytta til dei kjende og kjære gjenstandane frå ei svunnen tid. Men Garberg peiker også på noko anna: Gjennom å formidle hundre år gammal kultur inviterer ein dei vaksne til å snakke meir med borna sine om korleis det var å vekse opp før i tida. I tråd med dette fører Sverresborg ei klar gjenbrukslinje. På gardane vert typiske leiker erstatta med handverks- og kjøkkenutstyr, og ungane saknar ikkje Playstation. Dei elskar å få delta, å få vere med å skape noko. Til sommaren blir det nye omgangar med kongledyr-, barkebåt- og kjepphest-produksjon, og borna deltar i alle kvardagsoppgåver: Dei sår poteter, ber ved og hentar vatn, snekrar, byggjer skigard, matar dyra og hoppar i høyet. Moralen er tydeleg: Gleden treng ikkje å koste mykje, og born veks på å få delta i daglege gjeremål. Dessutan ligg det uvurderlige skattar i å sjå verdien i gamle ting, og i staden hive bruk og kast-mentaliteten på dynga. SULLA MEG LITT, DU MAMMA MI VIL DU HA SNORER I TRØYA DI? VIL DU HA GULE, VIL DU HA BLÅ? VIL DU HA GRØNE SKA’ DU DET FÅ I TRØYA DI, DU MAMMA MI SOA ROA BANE GRYTA HENG I JARNET KOK EN LITEN RØMMEGRAUT ÅT DET VESLE BARNET SOA ROA ROA, SOA ROA ROA SOA ROA ROA, SOA ROA BANE Dino Makridis, Trøndelag Folkemuseum fbaargang2009 fbseksjonKIR