rein. Han trur dette tilfanget vil gjere studiemiljøet ved høgskolen rikare. Initiativtakarane har og handla med overlegg når dei har rekruttert ut over LO-familien i oppbygginga av studiet. Både lærarane og sjukepleiarane vart inviterte. Sistnemnde takka nei, men Utdanningsforbundet er med. – Avstanden, konfliktane og etter kvart samarbeidet mellom dei ulike delane av fagrørsla er ein viktig del av historia. Dette handlar mellom anna om korleis enkelte organisasjonar har gått vegen frå laug til fagforeining. Derfor syntest vi det var viktig å rekruttere breitt, seier Aarlott. Tilnærminga rimar godt med samarbeidet i det som gjerne blir kalla Trondheimsmodellen. Frå krav til lov Tittelen på studiet er «Arbeidsliv, fagorganisering og demokratisering». Gjennomføringa blir dels tematisk, dels kronologisk. Dei tematiske hovudområda blir for det første arbeidsliv, organisering og avtaleverk, for det andre demokrati og velferd, og for det tredje økonomi og ideologi. – Eitt av fenomena vi ønskjer å sjå nærare på, er korleis rettar vi ser på som sjølvsagte i dag, har vorte kjempa fram av fagrørsla opp gjennom historia. I dag er mange av dei lovfesta, men dei har nesten alltid vorte oppnådde som del av tariffavtalar før dei kom så langt, poengterer Aarlott. Forkortingane i arbeidstid er berre eitt av mange døme. HØGSKOLESTUDIE: Ingeniørvesenets arbeiderforening, avd. no. 8, vart stifta i den første epoken av fagrørslas historie. No tilbyr Svein Olav Aarlott t.v. og Per Overrein alle interesserte å lære meir av denne historia. Tar til i 1850 Den kronologiske gjennomgangen blir delt inn i fire epokar. Perioden frå 1850 til første verdskrigen tar for seg utviklinga frå dei første forsøka fram til ei velorganisert fagrørsle. Bonderørsla og dei Venstre-inspirerte arbeidarforeiningane tilhøyrer forløparane til fagrørsla i denne epoken. Det same gjer thranittar-rørsla, med sine 30.000 medlemmar. Perioden frå 1914 til 1945 gjennomgår klassekamp, konfliktdemping og okkupasjonstid. Frå 1945 til -75 ligg fokus på sosialdemokratisk orden, velferdsstat og spirar til ny radikalisering, mens tida deretter handlar om høgrebølgja, avindustrialisering og globalisering. Ope for alle Det seier seg sjølv at slik kunnskap vil vere spesielt verdifull for fagorganiserte, men studiet er ope for alle interesserte. Fagforbundet lokalt og sentralt, LO kommune og Utdanningsforbundet har til saman skote inn omkring 300.000 kroner for å sikre finansieringa av studiet. Kursavgifta blir 13.000 kroner, men det går an å søke støtte hos organisasjonen sin. Første samling er helga 17. og 18. april. Påmeldingsfristen er 15. februar. Dersom du les dette i papirutgåva av Fagbladet etter den tid og er interessert, kan det likevel vere verdt forsøket å ta kontakt med HiST. «Viglerosstilåfåeiny studentgruppe med mykje realkompetanse frå fagrørsla.» Førsteamanuensis Per Overrein ved Høgskolen i Sør-Trøndelag. Fagbladet 2/2009 > 61 fbaargang2009 fbseksjonHEL