Frå rivningsklart til frodig Bydelen Svartlamon i Trondheim hadde eigentleg ikkje livets rett. Bygningane forfall, og ein ønska å rive heile området for å lage vegar, parkeringsplassar og anna nyttig. Men då sette bebuerane foten ned. Etter årevis med politisk krangling fekk dei trumfa igjennom eit prosjekt: Svartlamon skulle vere byens eigen økolandsby. Med fokus på gjenbruk, demokrati, økologi, kunst og kultur har eit spennande område vakse fram. Midt i Trondheim, blant industribygg, plateforretning og kafé, ligg prisbelønna Svartlamon Kunst- og kulturbarne- hage; ein institusjon eigna til å inspirere og tidvis forbløffe med sine utradisjonelle valg både når det gjeld arkitektur, aktivitetstilbud og pedagogisk tenking. ein kraftfull kontrast til industriområdet på den andre sida av den nærliggande vegen. At det er muleg å skape ein slik landleg oase midt i sentrum av landets tredje største by – det er imponerande. Respekten for liv skin tydeleg igjennom. Klokka er halv to, og ein skulebuss svingar inn på plassen. Eit titalls lukkelege barn kjem ut. Dei har henta dyra frå ein månadslang vinterferie på besøksgarden Voll. På Svartlamon køyrer til og med sauene kollektivt! To av dei tilsette manøvrerer den brekande duoen inn på området til barnehagen, og like bak Å forvandle ein bilbutikk til ein barnehage Svartlamon Kunst- og kulturbarnehage, som er eigd av Trondheim kommune, tok over dei nye lokala i august 2007 etter to års planlegging. Sjølve prosjektperioden frå idé til bygging involverte bebuarane på Svartlamon, pedagogane og barna sjølv. Det svært innovative prosjektet vart belønna med Barnehageprisen 2008. Den gamle fasaden er bevart, store utstillingsvindu gir ei mengd lys inn i dei vakre lokala. Inne Kamomilla får kos. Bak står barnehagetilsett Stian Gjelvold. opnar det seg eit spennande, himmelhøgt rom. Tak, vegger og golv er kledd i kortvaksen gran. Midt i bygget, på det såkalte torget, er det mange meter under taket. Torget fungerar som ein italiensk piazza – altså som ein open, sosial fleirbruksplass. Vidare er det luftig og komplekst med fleire gangar, krokar, dører og vinklar som leier inn til dei ulike delane av barnehagen. Trass i at dei 46 ungane er inndelt i avdelingar, er det meste av barnehagen fleirbruksretta. Ein landleg oase i sentrum Sytten tomme barnevogner står parkert utanfor lokala som pleidde å tilhøyre Svartlamon Auto. Rundt hjørnet bølgjer eit spennande landskap dominert av eit par, for tida, snøkledde jordhaugar som for ein treåring må fortone seg som eit fjell. Det eine vesle fjellet er dekorert med flaggstang og tilhøyrande sjørøvarflagg som vaiar svakt i den bitande kalde januarlufta. Rundt omkring veks ørsmå tre, og under snøen skjuler det seg grønnsaksplanter som ventar tolmodig på våren. Litt bortgøymd står fjøset der dei bedårande pels- og fjørkledde leigetakarane held hus. På området vankar nemlig to sauer og to høner. Det heile er URBAN LIVSGLEDE PÅ SVART Barnehagen har tatt vare på den originale fasaden. kjem ein tredje berande på eit bur. I buret sitt dei to stolte hønefruene Rasken og Kamomilla. Barna tek imot journalisten på ein nysgjerrig og hyggelig måte, og fortel ivrig om bussturen og om den gamle sauen deira som har blitt bytta inn i ein ny. Nykommaren har ikkje fått noko navn ennå, men den ser ut til å trivast godt i sitt nye selskap, omgitt av omsorgsfulle små og store menneske, og den snille søya Stella. Nå skal dyra forast og finne seg til rette, og dei som vil får hjelpe til med stell og kos. fbaargang2009 fbseksjonKIR