L AMON Medverknad På veggene inne i barnehagen heng store, inspirerande fotografi som barna sjølv har teke, i tillegg til fargerike teikningar og andre kreasjonar. For tida jobber dei med eit kunstprosjekt som skal utstillast, og ein av veggene er derfor tapetsert med stilfulle monsterskjelettteikningar i svartkvitt. I atelieret ligg store plater med påmala bokstavar til tørk. Dei skal nyttast som dekorasjonar seinere. Barnehagen har lagt stor vekt på medverknad. Barna har sjølve tatt del i utforminga av sjølve barnehagen, og når dei går inn i eit kunstprosjekt blir det lagt så få rammer som mogleg på førehand. Kva utfallet blir, veit ein aldri før etterpå. Det er prosessen som er det viktigaste! Pedagogisk leier Ann Sylvi Olsen fortell at staben er opptatt av å leggje til rette for eit møte mellom ulike språk; at ein skal sjå kvarandre og opne for forskjellar. Kort sagt kommunisere med kvarandre og respektere kvarandre. Som Olsen seier: «Vi er ulike, men vi skal leve saman likevel». Ikkje alle er like opptekne av å teikne dinosaurar, ikkje alle synest det er spennande å mate dyra. Det må vere rom for å forske på eiga hand, utvikle seg sjølvstendig og samstundes få merksemd på det ein vel å gjere, saman med andre; for vi er gjensidig avhengige av kvarandre. Midt i eit kulturkompleks Nytt av året er eit 2500 kvadrat- meter stort senter for kulturbasert næringsaktivitet på Svartlamon. Det nye senteret opna 16. januar Med fokus på gjenbruk, demokrati, økologi, kunst og kultur har eit spennande område vakse fram. og ligg vegg i vegg med barnehagen. I tråd med fellesskapstanken som dominerer i den særeigne bydelen, står dei nye lokala også til disposisjon for barna når dei er ledige. Mellom anna vil barna få utfolde seg i ein stor og flott dansesal av og til, dersom dei vil. Fordi dei voksne ser barna som likeverdige kulturberarar, er det naturlig at ei gjensidig utveksling av både idear, materiell og lokale finn stad. På kveldstid blir barnehagetorget nytta til dømes til møte og selskap. Det har den styrken at det er arkitektonisk utforma for å vere stimulerande for alle aldersgrupper. Vegen vidare Ein kan tenke seg at Svartlamon Kunst- og kulturbarnehage vil stå sterkt i eit byområde som lovar endring, utvikling og nyskapning. Barna er ein viktig del av befolkninga og bør derfor bli tekne med i drøftingane om korleis vi ønskjer å leve. Dei heldige som får vekse opp på Svartlamon kan vise seg å vere dei perfekte byutviklarane i framtida. Men inntil vidare skal dei få leike og lære under fri og kjærleg regi. Stella blir innlosjert i fjøset. fbaargang2009 fbseksjonKIR