LESELYST • Bør vi lesa annleis for gutar og jenter? • Eg trur ikkje det. Tek ein utgangspunkt i noko interessant, handlar det om det same. Det er formidlaren det står på. Då er det også det same om det er menn eller kvinner som les. Men vi treng fleire mannlege forteljarar i klasseromma. Det trur eg vil gjera at gutar les meir også. Dei treng rollemodellar dei kan identifisera seg med. Bekymra for skumlesing PISA-undersøkingane har ikkje alltid vore lystig lesnad her til lands. I Noreg les 20 prosent av elevane så dårleg av dei ikkje meistrar dagleglivets tekstar. Kolstad håpar tiltaksplanen «Gi rom for lesing!» gjev resultat. Prosjektet, som varte frå 2003-2007, skulle stimulera til auka leselyst og styka lesedugleiken blant born og unge. • Det blir meldt om kjemperesultat. Men det tar nok litt tid før ein ser dei endelege resultata. I mellomtida kan vi kanskje bli meir merksame på kva dei minste les. Eg er spesielt uroa for all lesinga på dataskjermar. Det trugar lesekvaliteten fordi dei minste lærer seg uvanar gjennom å skumma kjapt gjennom tekstane. • Men er det ikkje bra med alt som blir lese? • Jo, men eg fryktar at denne leseteknikken blir overført til skulekvardagen. Det kan føra til at mange nøyer seg med å skumma lærebøkene også. Men er ein merksam på dette, har eg ingen ankepunkt mot den teknologiske utviklinga. Lesing er litt som å læra å sykla. Har ein først fått det i blodet, kan ein det. Utfordringa er å halde på lesemotivasjon etter fylte 13 år. Gå til bibliotekaren Lesesenteret i Stavanger driv også med leseopplæring og leseutvikling. Universitetslektor Trude Hoel trur det er viktig at ungane sjølve får vera med på å velja kva bøker som skal stå i lesekroken. Det verste er at dei vaksne blir monotone og keisame formidlarar, meiner ho. Eg trur vi får fram dei sterkaste kjenslene og engasjement i tekstar vi kjenner frå før. Høgtlesing er så utruleg viktig, både i barnehage, skule og heim. Så du oppmodar folk til å henta fram Albert Åberg, altså? Nei, det er ikkje det eg meiner. Tekstar kan bli gamle. Det finst ingen garanti for at borna våre opplever det same som vi opplevde då vi fekk høyra historiene frå desse bøkene. Men det er ingenting i vegen for å bli godt kjent med nye bøker heller. Kor skal ein finna desse bøkene då? Bibliotekarane kan mykje. Det kan vera vanskeleg å orientera seg sjølv, så det er berre å spørja. Eg trur vi brukar dei tilsette på biblioteka for lite. Det er dyrt å kjøpa all barnelitteraturen vi vil ha, så noko må lånast. Eg trur heller ikkje på absolutte grenser når det gjeld val av tema. Bøker om krig eller sorg kan kanskje passa av og til, verda er trass alt ikkje berre rosenraud. Lesegevinst her og no I lesekroken vår sit det altså både gutar og jenter. Lektoren er usamd med Foreininga !les i at det ikkje er forskjell på korleis vi bør formidla litteraturen til dei ulike kjønna. Forskjellen må bli teken på alvor. Hadde lesing vore ein friviljug aktivitet, ville mange av gutane sykla, medan jentene hadde hatt nasen i bokhyllene. Ein må i større grad legge til rette for at gutar skal lesa. Då er val av tema særs viktig. Det må vera mogleg for gutane å velja sjølve, og det er viktig at dei har mannlege formidlarar. Hoel viser til gode røynsler med kjønnsdelte lesegrupper i norske barnehagar. Grunnlaget for leselysta blir lagt i barneåra. Men det er òg viktig å tenkja på gevinsten her og no. Borna får ein spesiell nærleik til dei vaksne når dei blir lest for. Føretrekk du dialekt eller boknormalen når du les høgt? Er teksten på rim, bør ein nok lese tett opp til målforma for å få fram rytmen. Er det ei spaningsforteljing, er det meir naturleg med dialekt. Ungar likar språk, og det er ingenting i vegen for å leika seg. Bør ein forenkla vanskelege ord? Eg meiner det er språkstimulerande for borna at dei møter nye ord. Etter å ha lese det ukjente ordet nokre gonger, kan det vera lurt å spørja borna om dei kan fortelja kva det betyr. Dette er det mykje læring i. Les meir om dette temaet og les bokmeldingar på www.pirion.no. fbaargang2009 fbseksjonKIR