PIT PARION Dikt med sprett I JANNE KARIN STØYLEN Litteraturmedarbeidar Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa den tjukke isen. Her er det mange minusgrader! I djupet ligg ein liten fisk nær inn til snøret og ser ut til å ville bite på kor tid som helst! Ei jente svinsar på skøyter i bakgrunnen, eg trur ho er litt nysgjerrig, kanskje er ho på veg mot den vesle fiskaren? Teikninga skaper positive forventningar til framhaldet. «Å illustrere er å lage rom rundt diktet for å få det til å vare,» seier Belsvik. Akkurat slik opplever eg at illustrasjonane hennar verkar. Boka med dikt av «diktarapparatet Vesaas» (som ein barnemunn ein gong las då det stod «diktarparet Vesaas») ber tittelen «Eg sette brillene på min katt.» Tarjei Vesaas kunne skrive både enkelt og lett, og somme gonger, helst på oppfordring frå Halldis, direkte til barn. Her er ingen alvorstunge dikt frå henne heller. Det er ei glad bok om å glede seg over livet og dei gode dagane: «Det var ein slik klukkesundag, då verda hadde det godt.» «Når Tussalussi kviskrar» er også laga som ei høgtlesingsbok for dei minste og som ei biletbok som større barn kan lese på eiga hand. Saman med Bodil Cappelen har Belsvik valt ut 14 av Olav H. Hauge sine dikt for barn for nye illustrasjonar, til dømes dette om tordivelen: Lat meg gjera som tordivelen Sorgene legg seg yver meg Og klemmer meg ned i ei varm boslege 2008 var det hundre år sidan Olav Lat meg likevel røra på meg, Prøva kreftene, letta på torvoneLat meg gjera som tordivelen Når han ein vårdag grev seg ut or mykdungen. «Inger Lise Belsviks duse og forsiktige illustrasjonar opnar seg for menneske i ulike aldrar. Dei er frie for prangande verkemiddel, og ber litt av den stillfarande ettertenksame tonen, og lune humoren som dikta òg gjer.» Marianne Lystrup, Vårt land. I den nynorske barnebokhylla finn du fleire nye diktbøker for born enn i noko anna barnebokhylle i Europa! Eg er så stolt på vegne av den modernistiske barnelyrikken vi kan vise fram. Eva Jensen, Solfrid Sivertsen, Hans Sande, Einar Økland, Rønnaug Kleia, Mary Bente Bringslid, Oskar Stein Bjørlykke, eg kunne nemne mange! «Without the sunlight of literature, children can not grow as they should» (Michael Morpurgo) Det er ikkje mindre viktig enn som så. Kanskje kan ikkje alle born bli ivrige lesarar. Men alle born har potensiale til å like å bli lest for! Å vere den som får lese, er ei stor glede: «Nett no er det du som skal få ligge på vinden og vere dobbelt så glad fordi du er så heldig å få lese for barn,» skriv Erna Osland i forordet til antologien «Les for meg!» Mellom alle dei fine dikta og alle dei fine ungane står du og eg. H. Hauge vart fødd. I 2007 feira vi 100-årsjubileet for Halldis Moren Vesaas. Begge åra illustrerte biletkunstnaren Inger Lise Belsvik dikt dei skreiv for born i to jubileumsutgjevingar. «Illustrasjonane skal ikke si det diktet sier en gang til, ikke tvære det ut, men gi det noe å sprette mot», seier ho. Dei gamle dikta får ny sprett i romma mellom tolking og meddikting som Belsvik sine bilete inviterer lesarane inn i. I antologien «Mellom ord og bilde» redigert av Ingeborg Mjør og Nina Goga, bidreg Inger Lise Belsvik med kapittelet «Hvis jeg skulle si noe om å illustrere dikt for barn». Sjølv har ho gjort dette til sitt spesialfelt. Ein av metodane ho brukar er å skape identifikasjon. Sjå til dømes på biletet til diktet «Fiske på isen» på side 11. Diktet er slik: Fiske på isen er kaldt Og lite fisk er å få Fisken svinsar i djupet Og vil ikkje bite på. I lang, tjukk boblejakke og med både nasa og munnen godt inntulla i eit stort skjerf står ein unge og fiskar i eit hol på PiRion Tips oss på pirion@norsk-plan.no Me vil gjerne ha tips og innspel om det er noko du syns me bør ta opp, eller om du har tips om bøker me bør skriva om. Sjå og www.pirion.no PIRION ER STØTTA AV NORSK KULTURRÅD, FAGFORBUNDET OG LNK PIRION 3/2009, 10. årgangen – ISSN 1502-3036 Utgivar: Stiftinga Pirion Adresse: Pirion, Næringsbedet i Vatlandsvåg, 4235HebnesTlf:52790482,faks52790481.Heimeside:www.pirion.no Ansvarlegredaktør:AstridEidhammerHjelmeland,tlf52790484,mob.97194788 E-post:pirion@norsk-plan.noFormgjeving:SalikatDesign fbaargang2009 fbseksjonKIR