FORTELJINGAR FRÅ GAMLE DAGAR FENGJER i Holdhus barnehage i Fusa kommune er borna godt vande med å få høyra sjølvopplevde historier frå då Olaug var liten. Eg har eit stort repertoar med forteljingar, seier ho. Desse har ho nytta i dei larar om at boka er etterspurt til bruk på alders- og sjukeheimar. Sjølv trur ho dette har med at historiene i boka er greie og små, og at handlinga går tilbake i tid. Skikkelege gamledagar I tillegg til barnehageborna har barneborna stor glede av forteljingane til Bjørndalen. Du besta, alle dei som levde i gamledagar, i dei skikkelege gamledagar, dei er døde nå. Men berre ikkje du, konstaterer barnebarnet på fem. Men oldemor har jo òg levd i gamledagar, svarar bestemor Bjørndalen. Men ho har ikkje levd i dei ekta gamledagane, men det har du bestemor!, svarar femåringen. Gamledagar fengjer borna, smiler Bjørndalen. Gamle omgrep I tillegg er det ein god måte til å få ei vidare forståing av gamle omgrep, som til dømes orda møkakjerre, bislag, divan og uttrykket å skrøna. Desse er ikkje så vanlege i daglegtalen i dag. I boka er dei gamle orda utheva og forklarte. Boka er på nynorsk og er skriven i ei forteljande form. Forfattaren har fått tilbakemeldingar om at det er lett for andre å lesa frå boka, og at det er lett for dei å involvera seg i det dei les. Det tykkjer ho er positivt. Frå forteljing til bok Tanken om å få skriva ned forteljingane kom då ho vart bestemor for ein del år sidan. Eg tenkte eg ville skriva dei ned slik at barneborna kunne ha forteljingane til minne om meg, fortel ho. Men forteljingane vart litt lite spennande berre som tekst på ark, og eg kunne tenkja meg å få nokre illustrasjonar. Ho fann eit firma i Bergen som hadde kontakt med ein kunstnar, og så byrja ballen å rulla. Borna i Holdhus er glade i forteljingane til Olaug Bjørndalen og syns det er stor stas at det har blitt bok av dei. Då Marie var liten, var kaviar noko av det beste ho visste... Illustrasjon: Anja Tveiterås rundt tretti åra ho har jobba i barnehagen. Og forteljingane frå «gamledagar» er populære. Olaug Bjørndalen får dagleg spørsmålet om ho ikkje kan fortelja frå då ho var lita. Borna kjenner forteljingane ut og inn og vil høyra dei om att og om att, fortel ho. Forteljingane blir levande for dei, og dei lever seg inn i dei. Set fantasien i sving Forteljingane hennar er frå då ho vaks opp på gard på 50-talet. Det er mangt som hende i ei lita jente sitt liv på den tida, som framleis fengjer borna. Her møter me Marie som er så glad i kaviar at ho ikkje klarar å styra seg for å eta han opp når ho skal handla for mora. Me får og høyra om korleis Marie og veninnene hennar skitna til bunadsforklea sine då ho feira femårsdagen sin og leika så kjekt ute. I alt er det fem historier som vert illustrerte i boka. Borna identifiserer seg med det å bli lei seg, og det at alt ordnar seg og at dei vert glade att, fortel Bjørndalen. Samstundes har forteljingane hennar opna for at borna sjølve vil bidra med eigne historier. Forteljingane mine løyser opp og set fantasien deira i sving, seier ho. Bjørndalen har òg fått tilbakemeldingar frå bokhand- © Holdhus barnehage fbaargang2009 fbseksjonKIR