> KVALITETSKOMMUNEPROGRAMMET Kvalitetskommuneprogrammet er eit trepartssamarbeid som kom i stand gjennom ein avtale mellom tre departement, KS og arbeidstakarorganisasjonane. Avtalen blei inngått i oktober 2006 og gjeld førebels ut 2009. Målet med programmet er å betre kvaliteten og auke effektiviteten i det kommunale tenestetilbodet. Alle endringar skjer gjennom samarbeid mellom politikarar, administrasjon og tilsette. Innbyggjarane skal oppleve at tenestetilbodet blir betre. 140 kommunar har slutta seg til programmet. Tiltaket som skulle auke nærveret mellom dei tilsette, vart like mykje eit steg mot betre tenester. Tekst: KARIN E. SVENDSEN Foto: PER TORMOD NILSEN turar Marit Silseth og Hanne Tronstad trivs når dei er ute på tur. Nyleg tok dei turen til urtehagen på Hjelset sjukehus. Dei har også gått kyststien i Bud, og fleire gonger har dei vore i Moldeheia. I dårleg ver hender det at dei speler bowling eller reiser ein tur til Kristiansund for å handle. Denne søndagen er dei på Skaret like utafor Molde sentrum. Her går dei langt og får mosjon så det held. – Vi er på tur kvar søndag, og da er vi ute heile dagen, fortel Marit. Ho syns det er koseleg å vere på tur. Hanne er samd. Dei to kvinnene, som begge er knytt til Bergmo samlokaliserte bustader, kjenner stor skilnad på før og no. Før gikk dei tilsette vanleg turnus. No har dei gått over til ein form for medlevarturnus, kalla spesialturnus. Ein av følgjene er tur kvar veke for dei fem brukarane som er involverte av endringa. Høgt sjukefråvere Overgangen til medlevarturnusen er eit resultat av deltaking i eitt av åtte kvalitetsprosjekt i Molde. Men det var ikkje tenestekvalitet som var den eigentlege drivkrafta da kommunen starta prosjektet Vi vil ha heiltid. Det var sjukefråvere som kom opp i 23 prosent. Noko måtte gjerast, og hausten 2008 gav Fagforbundets Kompetansesenter i Trondheim grønt ljos for at kommunen kunne prøve ut spesialturnus på ei av dei to gruppene på Bergmo. Spesialturnusen, eller såkalla medlevarturnus, inneber at dei tilsette følgjer brukarane frå morgon til kveld ei heil veke. For å få til det, er dei åtte tilsette, pluss ei ekstraressurs – eller blåvakt – fem ettermiddagar i veka, på fem brukarar. Kven som er blåvakt, varierer frå veke til veke. Turnusen går over fire veker, og dei åtte pleiarane og aktivitørane arbeider ei veke og har tre veker fri. Den andre friveka har dei bakvakt og får betalt ein femdel av vanleg løn dersom dei ikkje treng steppe inn for andre. Auka nærvere – Dette er litt dyrare enn ordinær turnus av di personalet i snitt arbeider 27 timar i veka, inkludert bakvakt, i staden for 35,5 timar. Difor måtte avdelinga få tilført ekstra budsjettmiddel, forklarer Toril Giske, prosjektleiar for Vi vil ha heiltid. Men ho meiner likevel at den nye ordninga er lønsam for kommunen. – Nærveret har auka frå 77 til 91 prosent samla sett på avdelinga. Og når vi ser på den gruppa som har fått    > Fagbladet 5/2009 > 31 fbaargang2009 fbseksjonHEL