SPESIALTURNUS I FAGBLADET Nr. 8/2007 s. 27: Ønskjer Langturnus, frå Karmøy i Rogaland Nr. 4/2008 s. 3031: Vil fortsatt ha lange vakter, frå Modum i Buskerud spesialturnus og heile stillingar, var nærveret heile 100 prosent dei fire fyrste månadene i år, fortel ho. Giske legg til at denne personalgruppa hadde ei historie med mange kroniske plagar, og at ingen av dei greidde å fungere i full stilling. God oversikt Dei tilsette opplever at dei har meir aktivitet etter at turnusen blei lagt om. Dei kan reise på tur utan at dei treng vere tilbake for vaktskifte på ettermiddagen. Da blir det lettare å dra ut. Det er ein av grunnane til at aktivitørane Ann Hilde Brekke og Kristin Skorgen er så nøgde med å arbeide oljeturnus. – Dagen er meir forutsigbar. No er det vi som legg dei planane vi skal følgje. Før kom vi på jobb og blei kasta uti nokre planar som allereie låg der, fortel dei. – Vi var kanskje ikkje like motiverte for dei planlagde opplegga, minnes dei. Ein annan fordel dei to aktivitørane trekk fram, er at dei no blir betre kjende med brukarane. Aktivitørane meiner dette gjer at dei ser kva den einskilde brukaren treng, og at dei difor driv aktivitetane betre fagleg sett no enn før. Og sidan det er dei fast tilsette i bakvakt som kjem på jobb i fall sjuk- KVAR VEKE: Dei som arbeider og bur på eller nær Bergmo, får meir frisk luft og mosjon no enn før. Frå venstre: Marit Silset, Lorraine Opplenskedal, Anne Kristin Vestad Sjøvik, Benedicte Oma Gimnes, Johanne Bolsønes, Hanne Tronstad og Aud Eli Remkall. dom, er det heller ikkje så mange framande som kjem på jobb her no. Unnataket er blåvakta. Betre rytme Både Ann Hilde Brekke og Kristin Skorgen vil helst halde fram med medlevarturnusen. – Før var det full fres heile tida medan vi var på jobb. Eg blir sliten no og, for av og til er det full rulle frå morgon til kveld, seier Ann Hilde. – Eg veit ikkje om eg kan klare å arbeide så lange dagar til pensjonsalderen, men hittil har det vore ei god ordning for meg, seier ho. Ein grunn til at dagane stort sett går greitt, er at alle brukarane treng nokre rolege stunder innimellom. På spørsmål om kva som kunne ha vore enda betre, meiner aktivitørane at det hadde vore fint med meir overlapping. Dei to er eit arbeidslag, og dei møter avdelingsleiaren, men ikkje dei andre arbeidskameratane utanom når dei på onsdagen i veka med bakvakt er innom og har møte med dei som er på jobb den veka. – Og så hadde det vore godt med ein ordentleg strekk midt på dagen, syns dei. No har dei to matpausar på ein halv time pluss ein 20 minutts strekk. Ny haldning Ei undersøking blant dei tilsette syner at dei meiner dei har hatt innverknad på omlegginga, og at dei er nøgde med ho. – Vi er blitt flinkare til å bruke fritida til å halde oss i form, og vi er friskare. Og kulturen er blitt ein heilt annan. Vi syns vi er heldige som får vere med på dette prosjektet og den nye måten å jobbe på, seier Ann Hilde Brekke og Kristin Skorgen. Det blir no gjennomført ein brukarundersøking som vil vere ferdig utpå hausten. Betre kvalitet i Molde Molde kommune har satt i gang åtte prosjekt for å betre kvaliteten på tenestene. To av prosjekta er tiltak for å betre tenestene til funksjonshemma innbyggjarar: Brukarmedverking sett i system og arbeidstidsordningar. Formannskapet og to hovudtillitsvalde fungerer som styringsgruppe for programmet. Kvart prosjekt har også ei styringsgruppe og ei prosjektgruppe. Anne Mari Mordal, hovudtillitsvald i Fagforbundet og medlem av styringsgruppa for Kvalitetskommuneprogrammet i Molde, er nøgd med at nærveret er blitt høgare og tenestene betre. – Det har vore eit særs godt samarbeid mellom dei tillitsvalde og avdelinga. Dei har tatt omsyn både til dei tilsette og til brukarane, seier ho. 32 > Fagbladet 5/2009 fbaargang2009 fbseksjonHEL