Mobil avdeling Styrar Eva Sefland er veldig nøgd med den nye bussen, som var klar for bruk i april i år. I bussen er det eige kjøken, tørkeskap, garderobe Borna trivst godt ute. Her er barn frå bussavdelinga i Villmarksleiren til Stryn leirskule sist vår. © Tonning barnehage Fire- og femåringar er prioriterte på den mobile avdelinga, som har plass til 22 barn i tillegg til 3-4 vaksne og sjåfør. – Det kan fort bli ei utfordring å finna på nye spennande ting for born som har gått i barnehagen sidan dei var eitt år, seier Sefland. Medan det er ei fast avdeling som nyttar bussen fire dagar i veka, er bussen tilgjengeleg for dei andre avdelingane ein dag i veka som turbuss. Natur- og kulturopplevingar Barnehagebussen gjer at borna når lett ut til nye miljø. Ved hjelp av bussen får borna nytta seg av mange natur- og friluftsområde i kommunen der dei har lavo og gapahuk tilgjengeleg. – Nå er me i naturen heile dagen i staden for å trava gatelangs for å koma oss fram, seier Sefland. I naturen finn ein og og gode med på å dekorera og har sett    sikra sete å Borna i barnehagen har fått vore sitt eige preg på bussen. © Astrid E. Hjelmeland sitja i. I tillegg har bussen plass til alt dei treng, anten det er redningsvestar eller regnklede. mange lokale kulturminne, som borna får god kjennskap til på nært hald. Avdelinga kan og lettare besøkja andre barnehagar og koma seg på gardsbesøk og kulturaktivitetar. Det er snakk om å få til eit samarbeid slik at andre barnehagar i kommunen kan få nytta barnehagebussen, fortel ho. I tillegg kan barnehagen utvida bedriftsbesøka sine og få besøkja foreldre som jobbar i bedrifter utanom sentrum. Språkstimuli Sefland meiner den mobile barnehagen også er nyttig for språkopplæringa til borna. Her vert ein «tvinga» til å nytta språk og det nyttar ikkje berre å peika. – Får borna sjå og ta på ein frosk når dei er ute i naturen, er det mykje større sjanse for at dei hugsar ordet enn om dei berre høyrer det, seier ho. Det er ikkje minst veldig bra for minoritets- – Verda ligg På bussen er det eige tørkeskap,    føre oss, seier og alle har kvar sine skap.    ho. – Nå er det © Astrid E. Hjelmeland berre fantasien som set grenser for kva me kan finna på. Sefland understrekar likevel at barnehageavdelinga prøver å unngå lengre reisetid enn førti minutt. Den mobile avdelinga har også ein fast brakkebase i barnehagen, der dei kan opphalda seg før dei reiser med bussen og til dei vert henta etterat barnehagedagen er over. © Astrid E. Hjelmeland fbaargang2009 fbseksjonKIR