språklege born. I Tonning barnehage er 20 prosent av borna minoritetsspråklege, og avdelinga prioriterer å få med minoritetsspråklege på bussen frå dei er fire år. Ein av dei flotte Svensk idé    teikningane som Detvareitbehovforfleire dekorerbussida barnehageplassar som fekk Stryn kommune til å investera i eigen barnehagebuss. Ordførar i Stryn, Nils P. Støyva, understrekar at barnehagebussen ikkje skal erstatta vanlege barnehageavdelingar, men vera eit godt alternativ. Ideen til barnehagebussen kjem frå svenske Solveig Sunnebo. – Som eigar av fleire svenske private barnehagar ynskte ho å finne noko som kunne tenna gløden i auga til pedagogane, fortel Sefland. Sunnebo vart inspirert av bussbruk i Danmark, men ville få laga ein buss som oppfylte skandinaviske krav, og som var meir komfortabel for barnehageborn. I Noreg samarbeida Sunnebo med Vest Buss Industri i Stryn om å få utvikla ein buss med alle fasilitetar for ei barnehageavdeling. – Tonning barnehage i Stryn fekk tilbod om å vera med i denne prosessen, og barnehagen stilte med forsøksborn til bussen, fortel Sefland. Her fekk borna ta del i heile prosessen frå skisser til ferdig produkt. Dei eldste borna i barnehagen fekk og ta del i dekoreringa av bussen, noko som har gitt han eit særpreg. – Me er stolte av bussen, og det er som regel ein stor gjeng som ventar når bussen kjem tilbake til basen, fortel Sefland. Dei minste borna i barne- hagen har i tillegg til mamma, pappa og nei! også lært seg ordet buss, avsluttar ho. Ballongmamma Tekst: Siri Sandberg Meløy Teikning: Motorfinger Det Norske Samlaget 2009 Nynorsk Mamma til Gyri låser seg inn i dusjen og nektar å kome ut att. Mamma blir verande i dusjen i dagar og veker, og medan dagane går, veks mamma seg større og større. Pappa er inne og bles litt på ho i blant, medan naboen klagar og Gyri ventar. Og til slutt skjer det vi anar vil skje: Ut av mamma kjem det ein fin liten baby. Ballongmamma er ei underleg bok. Ho er om ei boble, ikkje ulik den bobla mamma til Gyri lever i. Det handlar om graviditeten og ventetida, noko familiemedlemene tilsynelatande opplever ganske ulikt. Boka har lagt alt det praktiske og pragmatiske til side og formidlar meir stemningar og kjensler kring det uforståelege mirakelet eit svangerskap kan vere. Ikkje alt som skjer i boka, gir like mykje meining. Kvifor far bles på mor i dusjen, har underteikna enno ikkje forstått. Men bilda og teksten kitlar meg og mine små lesarar og får oss somme gonger til å boble over av lått. Denne boka fungerer best når ein berre lèt seg flyte med. © Astrid E. Hjelmeland Kva kultur er det me ønskjer at barna våre skal lære? PiRion -kurs BOKMELDING Toyni Tobekk Les meir på www.pirion.no fbaargang2009 fbseksjonKIR