PIT PARION Magisk medisin må til! Eg har kokt saft av ville bringebær. Baka brød med urter frå hagen. Raspa limeskal og blanda med sukker og mørk sjokolade. Håpar menyen er magisk nok til at Ragnar Hovland vil fortelje litt, mellom anna om å omsette Georgs magiske medisin til nynorsk. Vi mener oversettelsen er fremragende av flere grunner: – Den er trofast mot originalen når det gjelder form, innhold og stilnivå. Den er like leken, like rampete og like absurd poetisk. Det gjelder også de to-tre diktene. – Den er helt norsk i ordvalg og uttrykksmåte. Språket er nært, muntlig og friskt, og originalspråket kommer ikke til syne. Norske idiomer er brukt på en selvfølgelig og overbevisende måte, også der en direkte oversettelse kunne tolereres, men gjøre opplevelsen fattigere. Endeleg kan vi altså lese Roald Dahl sin klassikar, høgt og lågt, på eit nynorsk så drivande godt og herleg at det er ei fryd! – Du veks for fort, seier bestemor til Georg. Gutar som veks for fort blir dumme og late. Georg gjer aldri noko rett i bestemor sine auge. Ho er faktisk ikkje nokon hyggeleg person. Men no er det best at besta ber til Gud. – Då set vi i gang, ropar Georg og sprett opp frå bordet. – Då skal det bli magisk medisin her! Så gi meg ein tordivel og ei loppe som hoppar Gi meg to sniglar, tre firfirslekroppar Og ein slimete orm med ekle vrikk Og gifta frå eit biestikk Og saft av ei frukt frå eit brystbær-tre Og knuste bein frå eit vombat-kne Og hundre andre ting må eg ha Og ingen luktar særleg bra. Hausten 2008 kom også Charlie og sjokoladefabrikken ut i nynorsk omsetting av Ragnar Hovland. – No hadde eg tenkt at eg skulle ta eit omsettingsfritt år. Men så fekk eg eit tilbod det var uråd å seie nei til. Utpå nyåret skal Ole Lund Kirkegaard sin klassikar GummiTarzan vere klar til trykking, fortel Hovland. Ærast skal også den nynorske barnebokklubben Blåmann og redaktør Erle Stokke. Med alle medlemmene i ryggen har ho kunna gå til forlaget Gyldendal og freiste med plass som hovudbok og høgre salstal. Frå før har ho samarbeidd med Cappelen Damm om ei nyutgjeving av Mio, min Mio i Tove Bakke si omsetting. – Det kjem til å komme fleire klassikarar på nynorsk, fortel ho lurt. Eg lurer på om det er heilt uproblematisk og berre bra? Tek dei ikkje plass og merksemd frå dei nye, gode nynorske bøkene, dei som har etablert kvalitet som eit varemerke? Bøkene som står for ein tiandedel av utgjevingane, men som reiser heim med ein tredjedel av litteraturprisane? – Dette er viktige og klassiske barnebøker, seier Hovland. Litt Astrid Lindgren og Roald Dahl har vi ikkje vondt av. – Det må til! JANNE KARIN STØYLEN Litteraturmedarbeidar Nasjonalt senter for nynorsk opplæring – Eg likar eigentleg ikkje så godt å snakke med folk, smiler han. – Men eg blir jo flinkare og flinkare til å skrive. Eg likar å tenke at eg endå ikkje har skrive mi beste bok. Difor blir eg også meir og meir kritisk til tekstane mine, den neste må vere betre enn den førre. Det tek lengre og lengre tid. Omsettingsarbeid gjev god variasjon, og det held skrivinga i gong. Eg arbeider sjølvsagt ut frå originalteksten. Ved sida av ligg også bokmålsutgåva, og av og til ser eg etter kva løysingar som har vore brukte. Eg vil helst finne ei betre. Mange seier at eg har lukkast, det er eg svært glad for, fortel han forsiktig. Ja, Ragnar Hovland har lukkast. Så godt at omsettinga fekk Norsk oversetterforening sin pris Bastianprisen for beste barnebok i 2008. I juryen si grunngjeving heiter det mellom anna: PiRion Tips oss på pirion@norsk-plan.no Me vil gjerne ha tips og innspel om det er noko du syns me bør ta opp, eller om du har tips om bøker me bør skriva om. Sjå og www.pirion.no PIRION ER STØTTA AV NORSK KULTURRÅD, FAGFORBUNDET OG LNK PIRION 6/2009, 10. årgangen – ISSN 1502-3036 Utgivar: Stiftinga Pirion Adresse: Pirion, Næringsbedet i Vatlandsvåg, 4235 Hebnes Tlf:52790482,faks52790481.Heimeside:www.pirion.no Ansvarlegredaktør:AstridEidhammerHjelmeland,tlf52790484,mob.97194788E-post:pirion@norsk-plan.noKorrektur:DagGjerdeFormgjeving:SalikatDesign fbaargang2009 fbseksjonKIR