– Kan tenne gneisten I Noregs største barnehage, Bekketunet i Stavanger, har dei eigne atelieristar. Ellen Andersen har saman med Erna Abotnes ansvaret for å stimulere til leik med form, farge og språk. Det handlar om å skape kreativitet. På veggene heng bilete, måleri og teikningar. Vindauga er målte i alle slags fasongar og fargar, mange av dei etter den årstida me er inne i. Til dømes prydar to paraplyar det eine vindauga, og eit tre i nabobygget får farge og bladverk etter årstida. På vinteren vert det til og med måla snø på treet. I eit tredje vindauge heng eit grønt eple, så ekte at ein nesten får lyst til å bite i det. Og i glaskarmen står det måleri på rad og rekke, barna i Bekketunet har nemleg ei årleg kunstutstilling. – Då overfører me barnet si teikning over på eit større lerret, og så hjelper me dei med å måle det ferdig. Gjerne med ein liten tekst på, seier Ellen. – Det handlar om å gi barna eit verdigrunnlag. Klarer me å skape kreative ungar får dei ein god ballast med seg vidare. Me kan tenne gneisten. Barn som er kreative, blir ofte flinke til å sjå løysingar på problem, meiner Ellen. Barnehagen er ikkje ein Reggio Emiliabarnehage, men enkelte avdelingar er sterkt inspirerte av filosofien frå Italia. Grunnleggjaren av filosofien var Kerim (5) og Habibe (4) får boltre seg i alle fargane. barnepsykolog og pedagog Loris Malaguzzi. Han var barnehageleiar i Reggio Emilia frå slutten av 60-tallet og fram til 90-talet. Filosofien er basert på at barn lærer av å konstruere sin eigen kunnskap saman med andre barn og vaksne. Pedagogen si rolle vert då å leggje til rette for mest mogleg utvikling. – Dersom eit barn til dømes har ei enorm interesse for gravemaskinar, så reiser me kanskje ut for å sjå ekte gravemaskinar, me les om dei og finn informasjon på nettet. Slik får barnet lov til å dykke ned i eiga interesse, seier Erna. – Kunst gir språkutvikling Undring er viktig i Bekketunet. Undring og den gode samtalen. Kvifor er det slik? Kvifor går ikkje det an? – Sidan eg har sjansen til å jobbe med få barn om gangen, er eg nøye på pedagogen si oppgåve, nemleg å lytte, stille spørsmål, utfylle med eigne, ærlege kommentarar og vise med heile kroppsspråket mitt at dette interesserer meg. Det er viktig å oppmuntre dei til å setje ord på kjenslene. Husk, me er ulike ut frå kven me er og kva erfaringar me har, seier Ellen. Og det sterke fokuset på kunst og kultur er ikkje noka sperre for å kome seg gjennom alle fagområda, meiner dei to. – Det estetiske er viktig. Mange låser seg diverre fast i alle fagområda. Men viss du brenn for kunst og kultur, kan du lett vere innom alle saman, seier Ellen og held fram: – Viss me til dømes sit med lysbordet vårt og leikar med steinar, kan eg be barnet kome med fire kvite steinar. Då har me jo plutseleg mattematikk. Eller språkutvikling. Eventyr, rim og regler er ein viktig del av arbeidet vårt. – Barn treng kreative vaksne. Vaksne som utfaldar seg, skaper liv og driv i sosiale situasjonar og former materiale Lars (6) leikar med form og farge . fbaargang2009 fbseksjonKIR