2dagar til seniorar SPESIALTURNUS I FAGBLADET: Nr. 8/2007: Ønskjer langturnus Nr. 4/2008: Vil fortsatt ha lange vakter Nr. 5/2009: Fleire og lengre turar nen for prosjektet med frykt for mangel på folk innan pleie – og omsorgssektoren om nokre få år. – Alle dei 42 tilsette på sjukeheimen og i heimetenesta i Søre Bømlo omsorgsdistrikt er over 55 år. Vi måtte difor gjere noko for å halde på dei. Men vi må snart også gjere noko for å rekruttere unge folk. Brakestad vonar at kommunen så snart råd er set i gang eit rekrutteringsprosjekt retta mot ungdom. Aslaug Dørum og Liv Økland, som begge arbeider om lag 50 prosent og aldri har søkt om meir, er nøgde med seniortiltaket. Men når dei fyrst har hovudtillitsvald til stades for å snakke om seniortiltaket, nemner Økland at ho mista den eine fridagen i sommar. – Eg fekk høyre at ordninga ikkje gjaldt i ferietida, fortel Økland. Når Brakestad høyrer det, seier ho at det må ha skjedd ein feil, og at ho skal ta det med seg. 36 > Fagbladet 8/2009 Bømlo kommune vil gjerne halde på eldre arbeidstakarar. Difor har dei fått to dagar fri innanfor turnusen på seks veker. Tekst: KARIN E. SVENDSEN Foto: ØYVIND SÆTRE – Eg føler dei vil ha meg, og at dei set pris på innsatsen vi gjer her, seier Aslaug Dørum, 62 år og hjelpepleiar i Søre Bømlo omsorgsområde. Ho er direkte berørt av eitt av tre kvalitetsprosjekt i Bømlo kommune. Seniortiltak Dørum er ein av seks tilsette som er mellom 60 og 62 år og difor omfatta av seniortiltaket som vart sett i verk i mai 2009. Alle dei seks har vald bort AFP. Dei har i staden takka ja til to seniordagar i turnusperioden som går over seks veker. Då kan dei få to dagar fri, eller dei kan få dobbel betaling for desse to dagane. – Eg har vald å ta ein dag fri og dobbel løn for den andre dagen, fortel Dørum. Kollegaen hennar, Liv Økland, har vald to ekstra fridagar. – Eg merker at eg har gått i over 30 år, og det må vere lov, slår ho fast. Ho tykkjer det er herleg å ha fri. Då får ho tatt seg inn att. Men ho tenkjer likevel mykje på korleis det ville ha vore å ha fri heile tida. Treng unge folk Hovudtillitsvald i Bømlo kommune, Marit Brakestad, forklarar bakgrun- ETTER MANGE ÅR: – Vi kjenner at vi har arbeidd i mange år, og det er godt å få litt meir fri, tykkjer Liv Økland (t.v.) og Aslaug Dørum. fbaargang2009 fbseksjonHEL