Tungt å gå ut åleine Bømlo kommune har innført såkalla integrerte tenester i Søre Bømlo omsorgsområde. Dei tilsette arbeider ikkje berre på Søre Bømlo omsorgstun. Når dei går ettermiddags- og kveldsvakter, må dei òg rekne med å ta del i heimetenesta. – Det er tungt. Det hadde letta arbeidet om vi hadde arbeidd to og to, meiner Liv Økland, og legg til at dersom leiinga vil halde på dei tilsette, må dei gjere noko med dette. – Arbeidet blir jo ikkje lettare med åra, seier ho. Prosjekt nærvere På Søre Bømlo omsorgstun har dei godt med hjelpemiddel. På den eine av dei to einingane har dei takheis på alle romma og skjener over heile eininga. Marit Brakestad fortel at dei ikkje er plaga av belastningsskadar og mykje langtidsfråvere her. – På sjukeheimen i Bremnes prosjekta. omsorgsområde er det diverre heilt annleis, fortel ho. Der er sjukefråveret i periodar oppe i 20 prosent på ein av avdelingane. Kommunen, Nav Arbeidslivssenter og bedriftshelsetenesta har difor sett i gang eit prosjekt for å auke nærveret. Dette prosjektet ligg førebels i startgropa og er enno ikkje evaluert. TID TIL Å PUSLE: – Eg klarer meg stort sett sjølv, men det er fint når nokon har tid til å stelle håret mitt og kan ta ein prat, meiner Anna Tønnesen. – Men det høge sjukefråværet har også samanhang med låg grunnbemanning, meiner hovudtillitsvald. Kvalitetskommunen Bømlo Bømlo er ein øykommune med i underkant av 1000 større og mindre øyer og eit innbyggjartal på om lag 11.200. Kommu- nen har fem tettstader og er delt inn i tre omsorgsdistrikt: Søre Bømlo, Bremnes og Moster. I kommunestyret har Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre fleirtal. Bømlo slutta seg til Kvalitetskommuneprogrammet hausten 2007. – Prosjekta våre er ikkje så store, seier ordføraren Inge Reidar Kallevåg frå Høgre. Han seier dei har vald å setje i verk tre små prosjekt, lære seg meto- den og vidareføre arbeidet på fleire område etter kvart. Kallevåg meiner det er naudsynt å ha med dei tilsette ved omstillingar. – Når alle tre partar er med, kjenner også alle seg meir forplikta for å nå måla for > Fagbladet 8/2009 > 37 fbaargang2009 fbseksjonHEL