Stankelbeinskrift Mary Bente Bringslid, Samlaget 2009 Her får du leikne vers og dikt som eignar seg godt for høgtlesing eller leik. Me les om kaffibesøk hjå bestemor, klappstolen Klappe, stankelbein og om hausten. Versa er varierte, her er alt frå humor og alvor, moral og til levande skildringar. Nokre av versa kan kanskje vere litt svevande eller vanskelege å forstå for dei minste. Men alle kan høyre musikaliteten i versa, og kanskje er det spanande sjølv om ein ikkje alltid forstår alt. Truleg vil det bli nokre spørsmål frå dei minste om kva dikta betyr. Dette er boka for undring og samtale. Dikta har eit enkelt oppsett, fleire av versa har også grafiske grep som bygger opp under handlinga. Diktet Skapingar I handlar om ein nesten usynleg fugl og er forma som venger som fyk gjennom lufta. Slike grep gjer boka kjekk å ikkje berre lese i, men også kikke i. Det hadde truleg vore rom for fleire illustrasjonar på sidene, det kunne gjort boka meir spanande og gitt meir djupn til dikta. Likevel framstår samlinga som både enkel og rein med sine kvite sider. Det er godt å la teksten få stå i sentrum somme tider. Mange vil gle seg over desse små dikta som ofte ber preg av både rim og rytme. Dei små versa om mobilane som stemmer i telefonsong, om dei som held nasane høgt, og om sutrelua, tenkjetrusa og trallefrakken. Musikken og rytmen i orda gjer også dikta enkle å hugse. Mange av dei har så mykje rytme at ein nesten kan syngje dei. Judith Sørhus Litlehamar Spelejenta Jon Fosse og Øyvind Torseter Samlaget 2009 Jon Fosse er ute med ny barnebok. Denne gongen om ei synsk lita jente som tek fela med seg og legg ut på ei ferd for å finne og trøyste faren som sit åleine på ei øy. Alt saman ser ho i handa si. Dette er ei rørande historie om ei lita jente som møter mange utfordringar på vegen før ho finn faren sin att. Fosse har ei magisk evne til å fortelje så levande at barnet kan leve seg inn i historia og sjølv vere med jenta på oppdagingsferd. Historia har også fleire trekk frå eventyret. Jenta har sin eigen løyndom, ho ser magiske ting i handa si, og oppdagingsferda hennar kan godt minne om Askeladden på tur. Ein skal heller ikkje gløyme fela, musikken speler ei viktig rolle som verkemiddel i forteljinga. Den bind handlinga saman. Dette er ei varm historie der forfattaren klarer å vere nær utan at det blir klisjefylt. Øyvind Torseter har gitt boka enkle, men utrykksfulle illustrasjonar. Den leikne streken fører oss gjennom historia saman med dei varme og glødande fargane. Likevel kan kanskje nokre av sidene bli litt vel mørke for dei minste barna. Det kan vere godt å ha nokon vaksne til å forklare kva som skjer undervegs. Kanskje er det også nokre barn som vil kikke ekstra godt i handa si etter at dei har lese Spelejenta? Judith Sørhus Litlehamar Revehiet barnehage Oisann Siv Widerberg og Cecilia Torudd Omsett frå svensk av Sigmund Løvåsen, Samlaget 2009 Ein sein ettermiddag i Revehiet barnehage vert barna uvenner. Dei kranglar og slåst, og alt er berre dumt. Ikkje så uvanleg kanskje? Men kva gjer ein når alle er trøtte? Kva kan dei vaksne gjere? Petter og Hilde i Revehiet barnehage veit råd; dei hentar Harriet som kjem med verktøykassen sin. Ein stor madrass på veggen må vere mykje betre å slå på, meiner dei. Historia er lett å kjenne seg igjen i. Kven har ikkje opplevd at tolmodet renn ut og ein berre har lyst til å skrike og slå? Løysingane som kjem fram, er også lettvinte og gode. Her kan borna slå på puter og madrassar i staden for kvarandre. Men kanskje vert boka litt langdryg. Det går lang tid mellom dei ulike episodane, og løysingane vert kanskje litt vel like? Så mange episodar kan også gjere handlinga litt vanskeleg å fylgje med i. Dette handlar om å løyse kvardagen sine utfordringar og om korleis vennskap kan bestå, sjølv om ein ikkje alltid er samde om alt. Det vil vere lett å finne historier frå barnet sin eigen kvardag som passar til temaet. Teksten er i ein pedagogisk tone utan at det nødvendigvis skremmer lesaren. Teikningane er enkle og realistiske og gir eit godt bilete av handlinga. Kjekt er det også at personane er representerte i omslaget på boka, slik at borna lettare kan bli kjende med dei mange karakterane. Judith Sørhus Litlehamar Eventyrboka Skald 2009 Mange hugsar nok Godnattboka som Skald gav ut i 2007. No kjem oppfylgjaren, Eventyrboka. Eventyrboka inneheld 19 nyskrivne nynorske eventyr. Nokre av forfattarane har laga moderne versjonar av klassiske eventyr, medan andre har skrive nye. Eventyra passar både for høgtlesing og eigenlesing. Dei yngste lesarane vil nok ha mest glede av dei første eventyra, utover i boka vert dei nemleg litt meir avanserte og passar betre for dei eldre barna. Her kan ein lese om korleis ein jaktar gnu, om stemma som vart borte, om dronninga i berget blå, og om Kladden som ingen kunne målbinde. Blant dei som har bidrege med eventyr, er kjente forfattarar som Erna Osland, Einar Økland, Helga Gunerius Eriksen og Ingelin Røssland. Illustratør Gunvor Rasmussen har ein heilt eigen strek og eit unikt uttrykk som gir desse bøkene særpreg. Dei enkle strekteikningane gir også boka eit eige eventyrpreg og bygger dermed godt opp under handlinga. Barna vil truleg gle seg over dei velkjente rammene rundt eventyret, samstundes som dei vil oppleve dei oppdaterte og nye eventyra som spanande. Mange av eventyra har også framleis med seg dei gode gamle historiene som barna kjenner så godt. Men no må dei kanskje leite litt før dei kjenner alle personane att. Alt ligg til rette for at Eventyrboka vil få den same suksessen som Godnattboka fekk. Fagbladet 8/2009 > 41 Judith Sørhus Litlehamar fbaargang2009 fbseksjonKIR