NY STILLING: – Sjølv om eg ikkje lenger kan gå i pleie, har eg framleis god kontakt med arbeidsplassen og pasientane, seier Annlaug Rasmussen. Dialog med legane Stord kommune og fastlegane har utvikla rutinar for å betre oppfølginga av tilsette som blir sjuke. Ein stor arbeidsgjevar kan tilpasse arbeidslivet for dei tilsette som ikkje lenger kan ha eit fysisk krevjande arbeid. midlar, så no har me godt utstyr. Men eg er allereie skada etter over 30 år med mykje hardt arbeid. Rasmussen fortel at ho hadde vore sjukmeld i lang tid då fastlegen hennar ikkje såg andre moglegheiter enn uføretrygd. – Men så trekte me inn leiar Britt Sørensen Dalsgård ved sjukeheimen, seier ho. Saman fann dei ei løysing som er betre både for arbeidsgjevar, arbeidsplass og for Annlaug Rasmussen sjølv. – Eg er no husøkonom sju timar i veka, og har ei vakt som aktivitør for å halde kontakten med pasientane. Som aktivitør er eg med i songstunda med pensjonistkoret ein gong i veka. Elles pratar eg med pasientane, og eg serverer frukost, middag og kaffi, fortel Rasmussen. Summen er slitasje Leiaren på sjukeheimen, Britt Sørensen Dalsgård, meiner dobbelt og tredobbelt arbeid, og ikkje berre tilhøva i arbeidslivet, er forklåringa på slitasjeskader hjå mange kvinner. Tekst: KARIN E. SVENDSEN    Foto: ØYVIND SÆTRE Fastlegen meinte ho måtte slutte som hjelpe- pleiar og gå over på uføretrygd. Men då arbeidsgjevar vart trekt inn, fann dei ei anna løysing. I staden for at ho vart hundre prosent uføretrygda, arbeider Annlaug Rasmussen no 33 prosent som husøkonom og aktivitør på same avdeling som ho før var hjelpepleiar. – Eg håper eg kan halde fram til eg går av med pensjon, seier Rasmussen, som har vore på Stord sjukeheim sidan 1981. Nye sjansar Stord kommune har nytta avventande sjukmelding, den nye sjukmeldingsordninga som blei innført hausten 2008, og Kvalitets- kommuneprogrammet (KKP) til å trekkje inn arbeidsgjevar når det er snakk om langvarig fråver. Betre samarbeidsrutinar med fastlege er målet for eit av kommunens delprosjekt knytt til KKP. Når ein av dei tilsette i helsesektoren no kjem til fastlegen, blir arbeidsgjevar trekt inn dersom det er ein risiko for langvarig sjukmelding eller trygd. Men sjølvsagt berre dersom pasienten ønskjer det. Verre før For eit par år sida begynte Annlaug Rasmussen å få problem med hofte og rygg. – Leiinga på sjukeheimen har dei siste åra ikkje spart på pengar når det gjeld hjelpe- 30 > Fagbladet 1/2010 Kvalitetskommunen Stord Stord i Sunnhordland har nær 18.000 innbyggjarar. Kommunen har om lag 1000 årsverk og 1200 tilsette. Høgre har ordførarvervet, medan varaordføraren kjem frå Frp. Kommunen har vore knytt til Kvalitetskommuneprogrammet (KKP) sidan hausten 2008. Prosjektgruppa (styringsgruppa) for KKP i Stord kommune har tatt initiativ til fem delprosjekt med kvar si arbeidsgruppe. – Vi utarbeidde for nokre år sidan ein kultur- og verdiplakat for kommunen. Plakaten speglar dei verdiane, visjonane og handlingsprinsippa vi Kultur- og verdiplakaten Visjon: Saman om utvikling og velferd. Verdiar: Brukarorienterte, opne, kompetente og nyskapande. Handlingsprinsipp: Me respekterer kvarandre og brukarane. Me får bruke og utvikla kompetansen vår. Me forventar suksess. (utdrag) fbaargang2010 fbseksjonHEL