ynskjer å arbeide etter. Desse er og styrande for arbeidet med kvalitetsprosjekta, seier Tore Tveit, personalleiar i kommunen og deltakar i prosjektgruppa. Personalleiaren meiner at fokus på tenestekvaliteten kjem innbyggjarane til gode. Han trur auka kvalitet gjev auka nærvere blant dei tilsette, og at det igjen gjev auka kvalitet på tenestene. – Målet er at summen av kvalitetsprosjekt skal merkast av innbyggjarane, seier personalleiaren. Nav arbeidslivssenter er ein aktiv part i kvalitetsarbeidet i Stord. Dei er aktivt med i prosjekta i tillegg til at dei finansierer ein 50 prosent prosjektleiarstilling og gjev tilretteleggingstilskott til systemretta tiltak. > Fagbladet 1/2010 > 31 – Men me har òg ei historie utan gode hjelpemiddel, medgjev ho. Situasjonen er ei anna no enn for 20 år sidan. – Me har fast personell og mange store stillingar. Utstyret er godt, og me er flinke til å minne kvarandre om ikkje å ta dei belastande løfta. Også ferievikarane får opplæring i bruk av hjelpemidla av fysioterapeut før dei byrjar her. Men nokre tunge tak kjem brått på. Det er ikkje til å unngå, seier Sørensen Dalsgård. Sjukeheimsleiaren er oppteken av at førebygging må byrje allereie fyrste dag på arbeid. – Kvar einskild må tenkje på korleis han eller ho bruker kroppen på jobb, og korleis kroppen blir trent for å tole jobben. Frå pasient til service Den kombinerte stillinga til Annlaug Rasmussen blei oppretta for hennar skuld. Men Rasmussen er ikkje den einaste som har ei historie før takheisane og segldukane kom inn i sjukeheimen. Og det er ikkje råd å opprette veldig mange servicestillingar i ein sjukeheim. – Eg prøver stadig vekk å leggje til rette for tilsette med slitasjeskadar. For at det skal vere mogleg, må ein ha ei verksemd av ein viss storleik, meiner Dalsgård. fbaargang2010 fbseksjonHEL