Styraren nyttar heile kommunen og ikkje berre sjukeheimen når ho legg til rette for tilsette som ikkje lenger kan stå i pleie. – Då er det avgjerande at den tilsette er positiv og open for nye arbeidsoppgåver. Dialog med legane Lars Helge Sørheim, kommunelege 1 og aktiv i delprosjektet Samarbeidsrutinar med fastlege, ivrar for betre samarbeid mellom kommunen som arbeidsgjevar og fastlegane i kommunen. – Me prøver å gje dei nye sjukmeldingsblankettane eit innhald. Difor har me utvikla nye rutinar for å vurdere moglegheitene for anna arbeid ved langvarig sjukdom, seier Sørheim. Allmennlegeutvalet med 17 legar har gjennom KKP-prosjektet møtt prosjektleiinga i kommunen. Dei har mellom anna fått presentert gode døme på korleis systemet kan fungere. – Fastlegane er positive til å samarbeide med kommunen. Me ser jo ofte behov for kontakt med arbeidsplass og arbeidsgjevar for å betre oppfølginga av den tilsette. Denne tredjeparten sit med ei verktykasse som me tidlegare ikkje hadde tilgang til. Med samtykke frå pasienten og saman med både pasient og arbeidsgjevar, kan me no gjere oss nytte av dei verkty arbeidsgjevaren har. Prosjektet starta i januar 2009, og er førebels avgrensa til omsorgssektoren. – Eg skal ikkje stikke under stol at dette er ein tung materie. For me bryt med det som har vore tradisjon. Samarbeidet mellom lege, arbeidstakar og arbeidsgjevar rokkar ved pasienten sin rett til å vere sjukmeld og legen sin rett til å handtere pasienten åleine. Men legane er nøgde så lenge dei er trygge på at kommunen som arbeidsgjevar vil gjere ein innsats for å finne nye moglegheiter for den tilsette. Dei fleste tilsette som har vore berørte av den nye arbeidsmåten, er også nøgde med at dei no får tettare oppfølging. Fem delprosjekt 32 > Fagbladet 1/2010 Betre kvalitet på tenestene er det viktigaste for Stord kommune sine fem prosjekt i Kvalitetskommuneprogrammet. Samarbeidsrutinar med fastlege (omtala i hovudreportasjen) er eitt av fem delprosjekt som Stord kommune har sett i verk sidan 2008. Eit anna er Etiske dilemma og auka brukarkompetanse – bruk av refleksjonsgrupper som metode. Vidare har kommunen eit delprosjekt for å redusere uønska deltid og eit for å få gravide tilsette til å arbeide lenger. Eit prosjekt for å betre leiaropplæringa i kommunen kom i gang før Stord vart knytt til Kvalitetskommuneprogrammet, men er sidan blitt ein del av arbeidet knytt til programmet. Refleksjonsgrupper – Kvalitet handlar ikkje berre om pengar. Også kulturen er avgjerande for kvaliteten på dei tenestene vi yter, meiner Trygve Dahl, sjukepleiar og helse- og sosialkonsulent i Stord kommune. Våren 2009 vart det etablert fem refleksjonsgrupper innanfor helse- og sosialetaten i Stord. Dette var eit pilotprosjekt som varte i tre månader. Trygve Dahl, som leiar delprosjektet med bruk av refleksjonsgrupper, opplyser at kvar gruppe hadde sju medlemmar. To av desse var såkalla eldsjeler. – For å verte skodd til å drive gruppene, fekk eldsjelene opplæring i gruppedynamikk og kommunikasjon, fortel Dahl. Målet med prosjektet er auka medvit kring fbaargang2010 fbseksjonHEL