OSS ALDRI FRI: – Anten eg er heime eller i Afrika, tenkjer eg på borna og mi eiga rolle. Eg kan aldri ta heilt fri, for eg representerer alltid desse ungane, seier Gerda Rongevær. Mellom afrikanske englar Dei er stolte av å ha ei kvinne som Gerda i Fagforbundet i Stord. Heile livet hennar er ei solidaritetshandling. Ho nyttar feriar og permisjonar til hjarteborna sine i Uganda. Og mykje av fritida her heime nyttar ho til å samle inn midlar til barneheimen ho driv der nede. – Eg er omsorgsarbeidar her heime. Det er det eg er i Uganda òg, meiner Gerda Rongevær. Dei siste fem åra har ho hatt ansvaret for om lag 70 born som bur eller har budd på Toro Babies Home i landsbyen Fort Portal. Det var Eli Røder frå Bergen som etablerte Toro Babies Home i 1971. Gerda og Eli arbeidde saman i England for snart 30 år sidan. Nokre år seinare ville tilfellet at Gerda vart invitert til eit bryllaup i Uganda. Ho hadde ikkje ferie, heller ikkje pengar. Men Gerda hadde alltid vore nysgjerrig på Afrika. Det var no eller aldri, og det blei no. Opphaldet brukte ho mellom anna til å vitje barneheimen som Eli hadde starta. Ho såg at korkje borna eller dei tilsette hadde det godt. Det har teke henne fem år å rydde opp i organisasjonen og byggje opp heimen til den standarden han har i dag, med varmt vatn, nytt kjøken og vaskemaskin. > ARBEIDSGLEDE GERDA RONGEVÆR Omsorgsarbeidar i Stord kommune og ansvarleg for barneheim i Uganda – Iblant kjenner eg meg sliten. Det som driv meg, er å dei små har det. Dei sjå kor godt tilsette på heimen gjer ein fantastisk jobb. Dei er nokre englar. Gerda speler på lag med lokale kreftar i Uganda og i Stord og Bømlo. – Både Bømlo vidaregåande skule, Langeland skule og Nysæter/Litlabø barnehage i Stord nyttar ein dag i året til å samle inn pengar til oss. Men dei største pengesummane har kome frå avisa Sunnhordland, det lokale næringslivet og ikkje minst frå fagrørsla i Sunnhordland. – Ein gong vi stod på bar bakke, vart vi redda av ei fagforeining som gjorde opp kassa og sende oss 30.000 kronar, fortel ho. Tekst: KARIN E. SVENDSEN Pensjonistmarkering Fagforbundet Austrheim og Fedje hadde medlemsmøte i november. 13 medlemmer har gått av med ulike pensjonsordningar, og dei var spesielt inviterte og fekk overrekt ein sekk med Fagforbundet sin logo. Nedi låg med m.a. skoskei og skopuss. På biletet ser me: Heidi Solheim, Linda Rognhaugen, Edel Nesse, Audhild Meling, Marit Kalgraff, Mari Sætre, Karin Haugen, Eldbjørg Vikane og Anne Ma Hopland. Dei som ikkje var til stades var: Astrid Kjenes, Torleif Loftås, Norvald Rikstad og Marit Brandtun Rikstad. Tekst: Britt Rebnord Seksjonskonferanse Fagforbundet Hedmark har arrangert en konferanse for seksjonslederne i fagforeningene i alle de fire seksjonene. Første dag sto temaet ideologi v/Yngve Hågensen og seksjonsarbeid v/Jørn Eriksen, leder i SKKO, avd. 264 Ringsaker, på programmet. Begge innledere var inspirerende, og deltakerne fikk et innblikk i hvordan man kan arbeide fagligpolitisk. Vi fikk også en orientering om SOS barnebyer, noe som resulterte i 50 utfylte kuponger fra deltakere som ønsket å være med å støtte Fagforbundets barneby i Angola. Dag to hadde Seksjon helse og sosial (bildet) to temaer på programmet: Hedmark fagskole og realkompetansevurdering, temaer som er høyst aktuelle i seksjonsarbeidet.    Tekst: Helene H. Skeibrok 56 > Fagbladet 2/2010 Foto: Steinar Hystad fbaargang2010 fbseksjonHEL