...har DIALOG rundt –Når dei vaksne forventar at barna skal vere aktive og gå i dialog, så gjer dei nettopp det. Ungane ven seg til å ta stilling og til å reflektere over det dei les. Dette er dei tente med både på kortare og lengre sikt, seier Mjør. H o disputerte i desember med avhandlinga Høgtlesar, barn, bildebok. Vegar til meining og tekst. I av- handlinga har pedagogen og forskaren, tilsett ved Universitetet i Stavanger, analysert videoopptak av ungar på mellom eitt og to år som blir lesne for av vaksne. Ingebjorg Mjør har forska på korleis bøkene kan vere med på å aktivere barna sine eigne erfaringar. LÆRER SPRÅK Sjølv om desse minste ungane knapt har språk, er dei aktive med peiking og kroppsspråk, og når dei snakkar, er dei avhengige av vaksne som støttar og forstår dei ut frå situasjonen dei er i. Dette erfarer Hanne Spilde, nyutdanna pedagog ved ei av småbarnsgruppene i Øyrane barnehage i Arna – Barnehagen kan spele ei nøkkelrolle for dei barna som ikkje har lesing som ein del av heimekulturen. (Ingeborg Mjør) Hanne Spilde engasjerer seg i og skaper dialog rundt lesinga for dei yngste barna i Øyrane barnehage. ved Bergen. Ho opplever korleis høgtlesinga stimulerer språkutviklinga hos dei yngste. – Vi har dialog med ungane om bøkene sjølv om dei ikkje har så mykje språk. Dei peikar. Etter ei stund kan dei seie ordet for det dei peikar på, forklarer Spilde. Ho får støtte av Mjør: – Høgtlesinga og den litterære teksten representerer eit meir avansert språknivå. Slik blir dette noko barnet kan strekkje seg etter. © Ingrid Hillestad © Astrid E. Hjelmeland fbaargang2010 fbseksjonKIR