VEGEN TIL FRIDOM draumar Førebels jobbar eg, seier ho og held opp eit strameibroderi. Kvinnene produserer dei i stor stil, og dei vert blant anna selde på utstillingar. Kvinnene får løn, og dei «tener» dagar og reduserer straffa. Det er betalinga for å setje seg på skulebenken eller å jobbe under soninga. – Det er ingen tvang. Gulrota er at dei innsette tener pengar og dagar, seier fengselsdirektør Mihaela Puscaz. I årevis har ho jobba for å gjere det lettare å ta utdanning i fengsel, først i Justisdepartementet, og no med å setje ideane ut i praksis, blant anna som ein del av Panel-prosjektet. 70 prosent analfabetisme Targsor er det einaste kvinnefengselet i Romania. Rundt 600 straffedømde sonar her, inkludert 19 menn som er handplukka til å ta dei aller tyngste taka innanfor fengselsmurane. Kvinner sonar generelt kortare straffer enn menn; dei er skuldige i «mildare» lovbrot. Dei fleste kvinnene i Targsor er dømde for tjuveri og ran, og nokre få for drap, stort sett på ektemenn og svigersøner. NY START: Simona var narkoman, no broderer ho seg mot eit nytt liv etter fire år innafor murane. – Tre kvinner sonar livstid i Targsor. Under Ceausescu fanst det ikkje livstidsfangar; dei vart avretta, seier tryggingssjef Celestin Branzan.    > Fagbladet 3/2010 > 51 fbaargang2010 fbseksjonKIR