Finn meir info og gode lenker frå Seljord her: www.seljord.kommune.no/nb-NO/Tenester/Tenestekatalog/Barnehage/Sprakstimulering.aspx personalet skal få eit løft, ikkje berre nokre få som har fått gå på kurs. Vi har kursa oss i alt frå forteljeteknikk til korleis ein førebyggjer lese- og skrivevanskar. I den lokale rammeplanen for barnehagen står det at barnehagen skal legge til rette for språkstimulering gjennom språkfremjande aktivitetar, og vidare at ein skal nytte lokal dialekt og nynorsk i songar, forteljingar, rim og regler så langt det let seg gjere. Kor viktig meiner Bakkåker målforma blir i ei slik satsing? – Det er viktig for barn å vite «Kor kjem eg frå?». «Kor er røtene mine?». Vi er opptekne av identitet. I neste omgang handlar det om å utvikle respekt for andre. Vi bruker mest mogeleg nynorskbøker. Lokale segn og soger SPRÅKRÅD TIL FORELDRE • Snakk med barnet ditt om kva det opplever. • Lytt til barnet ditt. • Syn interesse for det barnet snakkar om og be om utdjuping viss noko ikkje er presist eller er vanskeleg å forstå. • Snakk om kva ord betyr. • Fortel historier og vitsar. • Lytt til barnet sine vitsar – med eller utan poeng. • Gje oppmuntring og ros!!! • Då gir du barnet ditt tillit til seg sjølv og eigen språkkompetanse. samlingsarbeid av denne typen kulturarv i Seljord, som barnehagane kan nyta godt av i dag. MÅ HALDA TRYKKET OPPE – Me må ha eit språktema ein gong i året, fortel Bøhn. – Dette gjeld dei vaksne i barnehagen. Vi brukar ein personalutviklingssamanheng, eit kurs, eit fagtreff eller liknande til kompetanseutvikling eller drøfting innafor språklege tema kvart år. Me må vera aktive for å halda oppe trykket og halda språkprosjektet ved like, held ho fram. Resultata er veldig positive både for barneha- er og ein viktig del av formidlinga. I Heddeli skal alle femåringane framføre ei lokal segn i løpet av barnehageåret. SKATTKAMMER Forelska Av: Rébecca Dautremer Omsett av Tove Bakke Skald 2010 Barnehagen samlar alle ressursar som kan nyttast av fortelje- og songskattar i språkpermane som alle nytilsette får utdelt etterkvart som dei kjem til. Slike ressursar må vere lett tilgjengelege, meiner Bakkåker. Barnehagen har óg eit eige skattkammer kor ikkje berre bøker og cd- ar er samla, men også ressursar som kan brukast til å visualisere det personalet fortel eller syng for barna. Bibliotek og helsestasjon er og naturlege samarbeidspartar i språkarbeidet, samstundes som at barnehagen bruker nærmiljøet aktivt. – Apropos bøker. Ingen barn hjå oss slepp unna boklesing. Noko av det viktigaste av førebyggande arbeidet som vi kan gjere er å lære barna å bli glade i bøker. – Vi jobbar òg aktivt med å kartleggje språkutviklinga til kvart einskilt barn, seier Bakkåker, som vil understreke at det ikkje handlar om å stemple barna på nokon måte. – Gjennom kartlegging blir vi kjende med dei behova som barnet har, og dermed lærer vi kor vi vaksne skal setje inn ressursane, avsluttar ho. geborna og dei tilsette. Eit av bokprosjekta som barnehagane har jobba med har vore at fireåringar har lese for dei yngre. Dette er ein stor suksess, i følgje Bøhn. I tillegg er det eit godt utvikla samarbeid mellom biblioteket, helsesystera og barnehagesektoren i kommunen. Bibliotekaren er inne og presenterer bøker for foreldre og barn allereie på helsestasjonen, fortel Bøhn. I tillegg er mållaget, sparebanken og kommunen med og sponsar bokgåver til alle 4-åringane i kommunen. Mållaget gir òg bokgåver med nynorske barnebøker til alle barnehagane. Kva er det eigentleg å vere forelska? Er det å falle pladask ned på nokon? Eller er det når ein er sprut- Alle nytilsette får ein språkperm raud i fjeset? Er det berre noko prinsar og prinsesser er? Og kan ein ikkje brenne seg på forelskinga? Er ikkje det ein brann? Det er mange spørsmål som dukkar opp når ein prøver å finne ut av kva forelsking eigentleg er. Det er det også hjå Simone, Olav og dei andre barna i barnehagen som me møter i boka Forelsking av forfattar og illustratør Rébecca Dautremer. Og det er undringa som driv handlinga i boka framover. Olav plagar Simone i barnehagen, og dei vaksne lurer på om det ikkje kan bety at han er forelska i Simone? I barnehagen blir det mange frodige og gode dialogar om kva det betyr å vere forelska, og kven som forelskar seg. – Forelska, det er å sitje inni tankane og drøyme, sa Vesle – Thomas. Illustrasjonane i boka er varme, sterke og fargerike. Og det absolutte høgdepunktet. Det gjer ingenting at tekstline- ne er få og små, det gjer berre at teikningane får eit endå større handlingsrom. Detteereiboksomergodåblai,peikei og undre seg i. Likevel kan ein som lesar ynskje seg ei sterkare historie. Dautremer er god til å ta borna på alvor med sine tankar og assosiasjonar. Og teksten treng ikkje vere verken framtredande eller lang i ei slik bok, men historia skrik likevel etter noko anna og noko meir på slutten der Olav kjem attende og er like plagsam mot Simone, og alt er som før. Etter all denne undringa blei kanskje slutten litt enkel. Judith Sørhus Litlehamar (kjelde: Seljord kommune) fbaargang2010 fbseksjonKIR