Scena er tribunen på Ivar Aasen-tunet, publikummarane er barn og vaksne frå barnehagane rundt om, og Blodrik – det er Kari Stais nyaste figur. Blodrik sitt hovud er forma som eit hjarte, forklarar Kari Stai til det kappekledde publikummet sitt. Biletbøker har mange strengar å spele på. Men Kari Stai trur barn òg har godt av å bli lesne for frå bøker utan bilete, dei har bileta i tankane sine. Kari Stai er forfattaren og illustratøren som laga boka om Jakob og Neikob, ei biletbok som no er seld til seks land. Blodrik og blodfabrikken er nyss utkomen i Noreg. – Blodrik har eit stort hjarteforma hovud og ein kropp sprekkfull av blod, forklarar Kari Stai til gjestene sine medan ho skisser opp enkle strekar på ei tavle. – Blodrik må tappe blod på blodfabrikken kvar dag, elles sprekk han, seier ho, medan resten av galleriet blir til: Myggen med hjarteforma vengjer og Vanda som ser ut som ei tåre. Desse tre får i oppgåve å gi hjarta tilbake til hunden til Vanja som no bur oppe i skyene. – Denne boka handlar om vennskap og idérikdom, forklarar Kari Stai. Figurane til Kari Stai byrjar som ein eigenskap. Blodrik skulle vere full av blod, og han skulle vere hjelpsam. Rundt dette byrja ho spinne ei historie ho ikkje alltid Kari Stai (f. 1974) er forfattar, biletkunstnar og illustratør. Ho kjem frå Inderøy i Nord-Trøndelag. Har gitt ut barnebøkene Jakob og Neikob (2008) og Blodrik og blodfabrikken (2010). For Jakob og Neikob fekk ho debutantprisen frå Kultur- og kyrkjedepartementet i 2009. Kari Stai har òg illustrert bøker for mellom andre Rune Belsvik. visste slutten på, forklarar ho. – Korleis er Blodrik og blodfabrikken annleis enn Jakob og I blodfabrikken til Blodrik lagar dei chiliketsjup av blodet. Barna på Aasen-tunet måtte sjølvsagt få smake. Neikob? – Historia om Blodrik er ei meir omfat- tande historie, og ho er dristigare i bildespråket. Eg rører òg ved meir abstrakte ting i Blodrik. Døden. Mystikk. Ho nøler når ho snakkar om døden. Forklarar at det var greitt å vere litt utydeleg i historia rundt Vanja sin døde hund. – Det er store spørsmål som krev store svar. Eg har ikkje alle desse svara. – Du skriv om blod. Det er litt dramatisk? – Eg var litt i tvil om det å skrive om blod. Kunne det bli skummelt? Men eg trur barn er fordomsfrie, så det går fint. Det er i det heile større fridom og rom for fantasi i barnelitteraturen, meiner ho. Og slik må det vere. – Som lesar forventar eg meir realitet i vaksenlitteraturen. fbaargang2010 fbseksjonKIR