Ein av familiebarnehagane har gjeve uttrykk for sine Svalbard-inntrykk ved å tove ein isbjørnfamile. Resultata frå dei ulike prosjektarbeida er for fjerde året på rad å finne saman med ei rekkje respekterte kunstnarar på sommarutstillinga ved Ringebusamlingane. RINGEBUSAMLINGANE Ringebusamlingane held til i den tidlegare prestegarden ved Ringebu stavkyrkje. Prestegarden er mellom anna galleri, og stiftinga Ringebu prestegard står som eigar. Ein del av verksemda er ei sommarutstilling, der publikum kan oppleve profesjonell kunst innan ulike sjangrar. Utstillingane varierar frå år til år, medan to utstillarar er faste. Den eine er kunstmålaren Jakob Weidemann (Weidemann-samlinga), og den andre utstillaren er barnehagane i kommunen. Temaet for barnehagane si sommarutstilling i 2010 var barn sine opplevingar i naturen. I alle barnehagane i Ringebu kommune (Oppland) er arbeid med kultur og nærmiljø ein del av kvardagen. Arbeidet er basert på ein Reggio Emilia-inspirert pedagogikk, og gjennom barnehageåret arbeidar kvar barnehage/avdeling prosjektorientert. RINGEBU STAVKYRKJE Ringebu stavkyrkje er ei av dei eldste i landet, frå om lag år 1200, og særleg for éin av barnehagane har stavkyrkja lenge vore ein stad der ungane har funne inspirasjon og samla inntrykk. Barna sine inntrykk frå stavkyrkja vart samla i ei utstilling i Ringebusamlingane sommaren 2007. Etter det har alle barnehagane i kommunen vore ein viktig del av sommarutstillingane. BARNEHAGANE Ringebu barnehage og Fåvang barnehage er kommunale barnehagar (3-6 år), Venabygd montessoribarnehage er ein privat barnehage (3-6 år), og det er mange private familiebarnehagar i kommunen. Alle deltek med resultata frå prosjektarbeida sine på sommarutstillinga. NATUR, GJENBRUK OG WEIDEMANN Bileta i reportasjen er frå Sommarutstillinga 2010, der kvar barnehage har sitt eige utgangspunkt innafor det overordna temaet. Barna har teke i bruk ulike teknikkar og materiale for å gje uttrykk for opplevingane sine knytte til naturen, anten det gjeld kunnskapar om Svalbard, eller maurtua rett utanfor barnehageporten. Ei maurtue som ein dag vart køyrd over av ein traktor (og attpåtil ein John Deere ...). Ringebu-barnehagane har fått mykje merksemd på grunn av arbeidet sitt med miljøprosjektet REVAR. Sommarutstillinga 2008 fekk nemninga «Kunst er noe man kan lage for å få folk glade. Barnehagebarn lager kunst av Plakat for Sommarutstillinga 2010 fbaargang2010 fbseksjonKIR