Havet har vore inspirasjonskjelde. gjenbruksmateriell». I 2009 het barnehagebarna sitt bidrag til sommarutstillinga «Vi er barn av regnbuen vi. En utstilling om farger, regnbuen og barns tolkninger av Jakob Weidemanns bilder». KVALITET Barnehagane sine prosjektarbeid slik dei framstår ved Ringebusamlingane, er eit godt døme på pedagogisk forankring i Reggio Emilia-filosofien og gjev ei god framstilling av kunstnariske produkt og arbeidsprosessar. Sjølv om kvar barnehage og den einskilde avdelinga har arbeidd med ulike naturopplevingar, fungerer utstillinga heilskapleg. Utstillinga synleggjer kompetansen, undringa og kreativiteten til barna. Dei flotte kunstkatalogane som barnehagane har gjeve ut, er med på å styrkje opplevinga av utstillingane. Katalogen er profesjonelt utforma og eit kunstverk i seg sjølv. Som ein bonus er katalogane relevant faglitteratur for barnehagetilsette og andre som arbeider med barn og kunst. Døme på dokumentasjon frå prosjektarbeidet i Ringebu barnehage. Av Per Olav Kaldestad Illustrert av Hilde Kramer Cappelen Damm 2010 Med kråkenebb og kråkeføter Dette er ei diktbok dei fleste kan ha glede av. Forfattar Kaldestad og illustratør Kramer har begge ei sterk interesse for fuglar og dyreliv, noko dei serverer borna på gullfat i denne diktsamlinga. Her er mange dikt som er rike på bilete, rim, rytme og ordleik. Kor mykje kan ein ikkje få ut av ordet røysekatt? Tøysekatt, føysekatt, slangekatt, slyngekatt og kokekatt for å nemne noko. Og dikta er både morosame og alvorlege. Her er dikt om ekte fuglar og dyr, og om nokre me kanskje ikkje har høyrt om før. Alt saman skrive i ein leikande lett tone. Den gode rytmen i tekstane gir dei også ein musikalsk, nesten syngande dimensjon. Illustrasjonane er fargesterke og detaljrike. Ikkje minst utfyller dei tekstane på ein god måte. Og ei blanding av ulike utrykk, frå reine teikningar til nærmast fotomontasjar gir boka eit spanande og kreativt uttrykk, der borna stadig vil finne noko nytt. Teikningane er ein viktig del av den totale leseopplevinga. Borna vil også truleg kjenne att mange av fuglane og dyra i samlinga. Kanskje nokon har sett eit ekte ekorn som hoppar frå grein til grein i tre? Her er dikt for barn i alle aldrar. Og med denne boka blir det høve til å leike seg med både rim og rytme i høgtlesinga. Judith Sørhus Litlehamar Av Kari Stai Samlaget 2010 Blodrik og blodfabrikken Kari Stai har levert ei ny original biletbok. Blodrik jobbar på Blodfabrikken, som er proppfull av blod og lagar chiliketsjup, neglelakk og julepynt. Og alt saman av blod – sjølvsagt. Dei lagar til og med jukseblod på den spesielle butikken. Dette er i grunn ei litt spesiell historie, med ei handling som går langt utover det ein kan forvente, og som blir eit reint tankeeksperiment. Ei litt absurd forteljing, der Blodrik produserer bankande hjarta til dei døde hundane som bur på skyene, og myggen fraktar hjarta opp til himmelen før dei regnar ned over byen, som går frå å vere grå til fargerik. Men barna vil truleg akseptere denne tankeleiken på ein heilt naturleg måte. Også i denne biletboka står ordleiken i sentrum. Her er til dømes blodsukker snop som ein finn i butikkane, blodappelsinane heng på trea, og blodfabrikken som fyller blod i blodkar, ligg på toppen av den store blodbøken. Blodrik er sjølv proppfull av blod av typen rhesus eksplosiv, som gjer at han kan eksplodere når som helst. All denne ordleiken kan skape litt avstand til sjølve historia, men for barna er det truleg ein artig inngang til eit litt vanskeleg tema. Teikningane er det berande i boka. Kari Stai er flink til å illustrere på ein levande måte, med store og levande teikningar med sterke fargar. Fargane byggjer i tillegg opp under vendepunktet i historia, då den grå byen blir fargerik og levande. Judith Sørhus Litlehamar BOKMELDINGAR fbaargang2010 fbseksjonKIR