www.pirion.no PIT PARION Usynleggjering av barn? E g har ofte stilt meg undrande til korleis pressa handsamar stoff om barn og kultur, og særleg den kulturen barn skapar og tar del i gjennom barnehagen. Barnehagen er ein kulturarena og ein naturleg del av lokalsam- funnet gjennom sitt arbeid med nærmiljø og kultur. Barn og kultur er eit område som generelt får lite merksemd i pressa. I tillegg tykkjer eg koplinga barn-kultur jamt over vert handsama på ein overflatisk måte, ofte i ei nedlatande, Vi lever i eit informasjonssamfunn, der mange vil ha merksemd om eiga sak. Eg vil høglydt forsvare den kritiske journalistikken. I høve til eige fagfelt vil eg mykje heller ha kritiske og godt førebudde spørsmål i staden for at ein skrivande person knipsar nokre bilete og konkluderar med kor artig det er i barnehagen! Det er ofte artig i barnehagen, og det er flott om nokon skriv om kor artig vi har det, dersom det er temaet. Lokal- og regionavisene er i ei særstilling, da barna og kulturen deira også er ein del av lokalsamfunnet/regionen og det som gjeng føre seg der. Einkvar redaktør må prioritere og dekke eit breitt spekter for å lage ei god avis. I tillegg har kvar avis eit samfunnsansvar. Dersom ein vel å oversjå barna og kulturen deira, er det òg eit val. Å usynleggjere barn og handsame det dei er opptekne av, som lågstatus-stoff, seier mykje om verdiar og syn på dei som skal vekse seg inn i samfunnet. Eg finn i denne samanhengen diverre mange døme på at barn som forbrukarar kan vere synlege i pressa, utan at det er satt inn i en kritisk samanhang. Der nær einkvar vaksen som uttrykker seg kunstnerisk på ein eller anna måte, får omtale i lokalavisa, vert barn oversette og undervurderte. Dei vaksne vert tekne på alvor anten dei er amatørar eller profesjonelle. Etter mi oppfatning fortener barna og kulturen deira det same. Heldigvis finn eg unnatak, dyktige journalistar som får fram kva, kven, når, kvifor og korleis også når dei skriv om barn og kultur. respektlaus språkdrakt. No vel eg å tru at den nedlatande tonen ikkje er tilsikta, sjølv om det ikkje er lenge sidan eg såg omgrepet barnehagetante i ei lokalavis. Same journalisten var særs nøye med å gjere greie for ein lokal fotballtrenar sine fotballfaglege kvali- fikasjonar. I riksavisene ser ikkje kombinasjonen barn og kultur ut til å vere aktuelt stoff, om det ikkje er sensasjonsprega eller har noko med ein kjendis å gjere. Verda og kulturuttrykka til barna vert gjort usynlege og useriøse ved språklege uttrykk som TORILL SPERRE ER: Førskulelærar/fagleg rettleiar og kulturarbeidar. søt og koseleg. Det er ikkje noko gale med å vere korkje søt eller koseleg, men for dei barna det gjeld, har kultur ei meining både i eit stutt og eit langsiktig perspektiv. Det kan sjølvsagt vere at barnehagetilsette eller andre barnekultur-arbeidarar ikkje har klart å få fram bodskapen i høve til journalisten. Men uansett kva ei avis vil skrive om, må journalisten ha kunnskap og førebu seg til oppdraget. Ole Brum, Ola Tveiten eller Barbie, kor hentar barna opplevingar frå? PiRion-kurs Les meir på www.pirion.no PiRion Tips oss på pirion@norsk-plan.no Me vil gjerne ha tips og innspel om det er noko du syns me bør ta opp, eller om du har tips om bøker me bør skriva om. Sjå og www.pirion.no PIRION ER STØTTA AV, KUNNSKAPSDEPARTEMENTET, FAGFORBUNDET OG LNK    PIRION 6/2010, 11. årgangen – ISSN 1502-3036 Utgivar: Stiftinga Pirion Adresse: Pirion,NæringsbedetiVatlandsvåg, 4235HebnesTlf:52790482,faks52790481.Heimeside:www.pirion.no Ansvarlegredaktør:AstridEidhammerHjelmeland,tlf52790484,mob.97194788E-post:pirion@norsk-plan.noKorrektur:DagGjerdeFormgjeving:Salikatdesign fbaargang2010 fbseksjonKIR