ho ikkje rakk å kome seg inn i fjellet når den blå timen var omme. I «Tussa danser» syng barnebarnet Turte om korleis Tussa kjem tilbake til Erke i søvnen og bur inni hjarta hans og har han i hjarta sitt. Skulen til barnet vel å synge denne songen første skuledagen etter at den vaksne forsvann, og for barnet blir det nåla som punkterer ballongen, som Lunde Vestad skriv. Songen blir ein sorg-forløysande faktor, både fordi han er melodiøs og verkar roande, men òg fordi han er så sterkt knytt til barnet sitt minne om den vaksne ho har mista. Farvel, Rune I 2006 markerte forfattar og redaktør Ragnfrid Trohaug 20-årsjubileet for ei heilt spesiell bok med å skrive artikkelen Når sorga får ord. Om årets viktigaste tjueåring. i Klassekampen, seinare publisert på bloggen hennar. Dette var månader før Trohaug vart ny barnebokredaktør i Det Norske Samlaget. Boka ho skreiv om, heiter Farvel, Rune og vart skriven av Marit Kaldhol i 1986. I denne artikkelen fortel Trohaug om sine høgst personlege opplevingar kring det å miste nokon og å få ei bok i hendene som gir ho og ein veslebror ein knagg å henge sorga si på. Trohaug fortel korleis ho får denne boka av mora og les ho høgt for veslebroren, og korleis Farvel, Rune blir ei bok som treff dei i kjenslene deira og det med deira språk. – Med slike munnlege avtrykk i skrifta kjente vi oss heime i den fiktive handlinga som stod oss nær. Den vanlege veggen mellom fiksjonen og oss var vekk, denne gongen handla det ikkje om nokon andre, men om oss, seier Trohaug. Det er dette som går att i artikkelen: Opplevinga av å ha ein tekst som fortel historia til den som er i sorg, nett slik ho er, utan omsveip. Farvel, Rune blir døra mellom dei sørgjande barna og sorga deira. –Egertiåroggladforatordaframformegersom dei er; ikkje noko innpakking, forenkling eller bortforklaring. Ingen døde kaninar eller kanskje ser vi den døde igjen som skytsengel, seier Ragnfrid Trohaug. – Det er ein letnad at boka ikkje forsøker å innbille meg noko anna. Sara kjem aldri til å sjå Rune igjen, det veit både boka og eg. For ordens skuld: Styrar Kari i byrjinga av teksten heiter ikkje eigentleg Kari. Både ho og miljøet hennar er anonymisert, men handling i historia er verkeleg. Kjelder: Om barns forståelse av å miste noen og musikkens affordance – et eksempel fra kulturindustrien, Ingeborg Lunde Vestad http://ragnfridtrohaug.blogspot.com/2006/01/om-farvel-rune-i-dagensklassekampen.html Sov søtt, herr Spiss Av Erna Osland Illustrert av Inger Lise Belsvik Mangschou 2010 I boka Sov søtt, herr Spiss får me både historia om herr Spiss som leitar etter søvnen, og fakta om korleis menneske og dyr søv. Kvifor må me sove? Og kvifor drøymer me? Dette er ei raus og innbydande fagbiletbok for dei minste. Erna Osland har skrive om dyr før, i samband med tema som mat, foreldre og vennskap. No er det altså søvn ho fokuserer på. Den leikne og lette historia om herr Spiss er skriven på vers, noko som gjer forteljinga både musikalsk og lett å hugse. Det er eit godt driv i teksten. Og illustrasjonane til Belsvik er både varme, detaljrike og frodige. Dei gir historia ei god ramme og byggjer samstundes opp om handlinga. Både liten og stor vil ha stor glede av å lese om herr Spiss, som ikkje klarer å sove på grunn av halen. Han legg ut på ei eventyrferd for å finne søvnen. Her møter han både ein katt, ein hest, flaggermus, ender og ein torsk. Men ingen kan hjelpe han med å sove. Det kan han berre sjølv. Faktadelen bak i boka er interessant og lærerik. Og sjølv om dei minste borna truleg treng ein del forklaring for å forstå korleis alle desse dyra søv og drøymer, vil det vere noko nytt i denne boka for dei fleste. Visste du til dømes at ei flaggermus kan sove opp mot 20 timar i døgnet? Den hemmelege vegen til månen Av Eivor Vindenes Illustrert av Helena Ohlsson Samlaget Knut sit i trehytta si og er lei seg. Alle vennene har reist på sommarferie, det er berre han som må vere heime heile sommaren. Men så dukkar heldigvis Klara opp og tek Knut med seg på eit heilt spesielt eventyr. Plutseleg var det ikkje så kjedeleg lenger å vere heime i sommarferien. Boka er ein del av Komet-serien for dei i aldersgruppa 6 – 8 år. Ho er oversiktleg og enkel å fylgje med i. Teksten er lettlesen og passar like godt for høgtlesing som eigenlesing for dei minste, noko som kan vere kjekt sidan ei bok som dette truleg kan bli eit vel stort prosjekt å kaste seg ut i åleine for ein 7-åring. Teikningane er detaljrike. Dei skildrar ikkje berre historia, men klarer også å tilføre teksten noko nytt. Likevel har omslaget og uttrykket til boka noko forsiktig over seg. Biletet på framsida er tiltalande, samstundes som det skaper den gode stemninga. Men kanskje blir framsida litt for forsiktig med tanke på å kapre dei yngste lesarane? Historia er både lun og varm. Dette er ei sterk forteljing om vennskap og om korleis ein kan oppleve det mest utrulege, dersom ein berre har fantasi til det. Klarer ein det, er det ingen kunst å klatre opp på månen. Judith Sørhus Litlehamar BOKMELDINGAR fbaargang2010 fbseksjonKIR