www.pirion.no PIT PARION FEST FOR DEN NYNORSKE BARNEBOKA Vaage, Solfrid Sivertsen, Ragnar Hovland, Per Olav Kaldestad, og kanskje endå fleire. Programmet under festivalen er rikhaldig, med opplesingar, framføringar, musikkspel, forteljekveldar og mykje meir. Me har program for dei yngste og dei eldste og vaksenkveldar med, men det viktigaste publikumet er barn og unge, som får møta forfattarar og bøker på skulen og i fritida heile veka. Fredag 12. november er det seminar på Høgskulen Stord/ Haugesund, med tittelen Poesi og provokasjon. Seminaret har eit spesielt fokus på poesi for førskuleborn, og innleiarar er Hans Sande, Mary Bente Bringslid, Inger Lise Belsvik og Tone Birkeland. Andre forfattarar du kan møta på Stord i veke 45, er Maria Parr, Marita Liabø, Bjørn Sortland, Marit Kaldhol, Atle Hansen, Roald Kaldestad, Per Olav Kaldestad, Tor Arve Røssland, Torvald Sund, Heikki Grøhn, Ragnar Hovland og Solfrid Sivertsen, og fleire kan koma til i løpet av hausten. Sjå fullt program og oppdateringar på www.falturiltu.blogspot.com. Vel møtt til Stord i november! «Det finst så få bøker på nynorsk for barn og unge», høyrer eg ofte frå lærarar, foreldre, bokhandlarar og andre som burde vera nærast til å formidla litteratur til den oppveksande slekta. Men det er jo ikkje sant! Den nynorske barne- og ungdomslitteraturen er rik og variert, men det er framleis mange, også i dei nynorskskrivande områda av landet, som ikkje kjenner godt nok til han. Difor ønskte Stord kommune å løfta fram og feira den nynorske barnelitteraturen, og alle dei som skriv han. RESULTATET VART FALTURILTU – NYNORSK BARNEBOKFESTIVAL, SOM GÅR AV STABELEN FOR FJERDE GONG 8.–12. NOVEMBER Stord er verdas største nynorskby, og mange flotte forfattarar har trødd barneskoa sine her i regionen. Så mange at «sunnhordlandsforfattar» er blitt eit omgrep. Men under Falturiltu ønskjer me å feira og visa fram nynorskforfattarar frå heile landet, og gje dei eit publikum på Stord, ei veke i året. Tidlegare festivaldiktarar har vore Oskar Stein Bjørlykke, Rune Belsvik og Erna Osland. I år er det Hans Sande som er festivaldiktar – ein fantastisk forfattar, formidlar og kunstnar, som har skrive for barn, unge og vaksne i mange sjangrar i snart 40 år. Kjenner du ikkje Hans Sande? Bli kjend med han på Stord i november! I tillegg til Hans Sande kjem Heikki Grøhn, Mary Bente Bringslid, Roald Kaldestad, Marita Liabø, Maria Parr, Atle Hansen, Bjørn Sortland, Marit Kaldhol, Torvald Sund, Tor Arve Røssland, Ragnfrid Trohaug, Inger Lise Belsvik, Tone Birkeland, Lars Amund Hege Myklebust, komitéleiar for Falturiltufestivalen Korleis skapar me ein kulturbarnehage? OM KURSET Kulturavisa Pirion tilbyr kurs i kulturformidling for tilsette i arnehage og småskule og elles andre som arbeider med små barn. Samstundes blir det praktiske øvingar som dei vaksne kan ta med seg i sitt vidare arbeid. Pirionkurset passar for både små og store grupper. Kurset varar mellom 6 og 8 OM KURSHALDARANE Kurshaldarane våre har brei erfaring frå folkemusikk, forteljarstudium, kulturskule og kulturliv generelt. KONTAKT Vil du tinga kurs eller få meir informasjon, ta kontakt med Pirion på epost pirion@norsk-plan.no eller finn meir informasjon på www.pirion.no. Kurset skal vere med å bevisstgjera dei vaksne på timar. OM PIRION Stiftinga Pirion gir ut kulturavisa Pirion åtte Ole Brum, Ola Tveiten eller Barbie, kor hentar barna opplevingar frå? PiRion kurs Tips oss på pirion@norsk-plan.no Me vil gjerne ha tips og innspel om det er noko du syns me bør ta opp, eller om du har tips om bøker me bør skriva om. Sjå og www.pirion.no kva kultur ein ønskjer å for midle og syne korleis den lokale kulturen og historia er eit godt grunnlag for dette. gonger i året. Me bidreg og fast til Fagbladet, seksjon kyrkje, kultur og oppvekst, åtte gonger årleg. Pirionkursa er eit tilbod me har til alle, heilt uavhengig av abonnement. PiRion PIRION ER STØTTA AV, KUNNSKAPSDEPARTEMENTET, FAGFORBUNDET OG LNK    PIRION 7/2010, 11. årgangen – ISSN 1502-3036 Utgivar: Stiftinga Pirion Adresse: Pirion,NæringsbedetiVatlandsvåg, 4235HebnesTlf:52790482,faks52790481.Heimeside:www.pirion.no Ansvarlegredaktør:AstridEidhammerHjelmeland,tlf52790484,mob.97194788E-post:pirion@norsk-plan.noKorrektur:DagGjerdeFormgjeving:Salikatdesign © Hege Myklebust fbaargang2010 fbseksjonKIR