Eldreomsorgen i Verdal DEI FÅR FRAM Mest alle kan gje godt stell. Men det er ikkje nok for å få arbeide i demensomsorga i Verdal. Her må du også kunne skape dei gode augneblinka, og pasienten skal få den gode kjensla i magen i møte med dei tilsette. Tekst: KARIN E. SVENDSEN Foto: THOR NIELSEN Arthur Haugset sit med eit klenodium framfor seg. Ei gammal, godt brukt kasse med sveivehandtak i eine enden og knivblad, renne og opning i andre enden. Eit mysterium for ungdom under 60, men velkjend for dei som vaks opp i gamle Verdal. Arthur fortel at dette er ein tobakkskarvar, og at kvar gard hadde ein slik ein før i tida. – Vi kjøpte planter hos gartnaren, eller vi avla sjølv. Så tørka vi flaka og skar dei opp i tobakkskarvaren, minnes han, og legg til at somme åt tobakken, andre brukte han i pipa eller rulla røyk av han. Medan Arthur demonstrerar mekanikken, kjem Linnea Skjerve på at far hennar bad henne plukke kirsebærblad på skulevegen. – Han tykte det var så god smak i dei. Møtes kvar veke Ein gong i veka møtest Linnea, Arthur og fire–fem andre gamle heimebuande på garden Vestre Lein i Verdal. Dei har det til felles at dei bur åleine, og at husken etterkvart har vorte svekka. Inga Berit Lein bur på Vestre Lein og driv garden ved sida av full jobb som assistent i kommunen. Når Mona Indahl kjem klokka åtte, set dei brøddeigen. Medan dei to førebur frukosten, blir gjestane henta heime. Det er aktivitør Annbjørg Hallager som hentar kvar og ein heime. I titida er dei framme og set seg ned ved dekka bord. Verdal er ein av fire kommunar i NordTrøndelag som har etablert grøn omsorg for heimebuande med kognitiv svikt eller ein demensdiagnose. Dei fleste brukarane bur åleine. Dagen vert betre Dei tre som er tilsette i kommunen, og som møter brukarane kvar veke, ser at dei har godt av å komme seg ut og treffe andre. Dagboka i stova fortel i ord og bilete om alt dei har gjort sidan dei kom saman fyrste gongen for eit år sidan. – Ein god og lang frukost er viktig. Dagen blir betre om du er mett, seier Annbjørg. Ho fortel at i byrjinga tok dei litt lettare på maten. Men så skjøna dei at ikkje alle hadde ete før dei kom, og at det var så som så med kva dei lagde i stand heime resten av veka. Så dei siste månadene har dei sete av rikelig med tid til frukosten. Den er viktig for ernæringa, men òg sosialt. Her får alle oppdatering på kva som har skjedd med dei andre siste veka. Og alle har noko å fortelje dei andre. Dagboka hugsar Programmet etter frukosten varierer. I vinterhalvåret kjem gjerne nokon frå det lokale historielaget og fortel. Når det er varmt nok, er dei ute i friluft. – Vi har vore på rotur, fiska og teke opp garn, fortel Annbjørg. Ofte trur dei gamle at dei har gløymt gamle kunstar. Difor har dei lita lyst til å gjere arbeid dei før meistra. Men kunnskapen ligg i hendene, så dei sløyer fisken sjølv og opplever at dei framleis kan det. Om slike opplevingar 30 > Fagbladet 12/2010 MEISTRING: Ikkje all kunnskap sit i hovudet. Den som ligg i hendene, er vel så viktig når maten skal lagast. fbaargang2010 fbseksjonHEL