Demensomsorg i Verdal Demensomsorg har ifølgje Une Hallem, utviklingskoordinator i kommunen, dei siste åra vore eit område for hovudsatsing innanfor tenesteutvikling i Verdal. Utifrå statistikken er det truleg om lag 230 personar med ein demenssjukdom i kommunen. Mellom 50 og 60 av desse bur på sjukeheimane i kommunen. Kartlegging har hatt høg prioritet fordi diagnosen er så viktig for å avgjere kva for medisin og kva for tiltak som er best egna for den einskilde brukar og pasient. Leon-prinspippet (Lavest effektive omsorgsnivå) er styrande for demensomsorga i kommunen. – Institusjonsplass er alltid mest kostbar. Ein kan drive mange gode tilbod for mindre enn det ein plass på sjukeheim kostar, seier Hallem. Målet er at brukarane skal bu heime så lenge det er mogleg, dei velgjer å prioritere dagtilbod for å støtte pårøyrande. Mest 20 er med på eit dagtilbod minst ein gong i veka. Og dei pårøyrande er med i samtalegrupper. Her får dei kunnskap om demens og informasjon om tilbod frå kommunen. Dei kan òg ringe demenskoordinatoren og møte henne når dei treng det. EIT SMIL GJER GODT: – Vi som arbeider med gamle, må kunne gje det vesle ekstra som gjer at dei får den gode kjensla av å verte verdsette, meiner Ingunn Sund Forbord (t.v.) og Une Hallem. av meistring skulle gå i gløymeboka, står dei framleis oppskriven i dagboka. Blomar må få bløme Ingunn Sund Forbord er sjukepleiar og demenskoordinator i Verdal. Ho fortel at ho og dei andre tilsette i omsorgssektoren arbeider ut frå Demensplan 2015, og at det meste er på plass. Kommunen har prioritert kartlegging av demenssjukdommar, dagtilbod til dei som er ramma og informasjon og omsorg for pårøyrande. Formelt sett er stillinga som demenskoordinator berre 20 prosent. Resten av veka er ho assisterande leiar og fagleg ansvarleg på ein demensavdeling ved Ørmelen bo- og helsetun. To sjukepleiarar til er knytt til demenstemaet. Deira funksjon svarer til om lag ti prosent stilling. – Men folk kjem når dei kjem, og når pårøyrande ringjer, snakkar eg med dei. Det kan ikkje vente til den eine dagen i veka eg er koordinator for demensarbeidet, seier Ingunn. Men dette hadde ikkje gått utan ein fleksibel leiar på sjukeheimen, forstår vi på demenskoordinatoren. Ho meiner det fins eldsjeler i kvar ein kommune. – Men ikkje alle blomar får bløme. Om ikkje kommunen arbeider systematisk, og miljøterapi ikkje er forankra i leiinga, visnar dei. Me krev litt meir Une Hallem er utviklingskoordinator i Verdal. Ho opplyser at dei er ute etter tilsette med endringskompetanse, og at dei prøver å finne folk som er godt egna. For å    > Fagbladet 12/2010 > 31 fbaargang2010 fbseksjonHEL