Eldreomsorgen i Verdal KVAR VEKE: I eitt år har Annbjørg Hallager henta brukarane heime. Ein gong i veka kjem dei i buss til garden Vestre Lein, så no er dei godt kjend på garden og med kvarandre. BLIR SJARMERTE: Eldbjørg Spilde oppdagar at endene koser seg i sola. blir dei nyfødde kyllingane til silkehøns beundra. – Det likaste er fridomen og den friske lufta, meiner Eldbjørg. få arbeide med personar med demens i Verdal kommune, er det ikkje nok med formell kompetanse. – Vi har fokus på dei som vil, seier ho. Ingunn supplerer med eit enkelt døme. – Dei fleste klarer det gode stellet. Det er ikkje det vi er ute etter. Vi er ute etter folk som kan gje pasientane ein god kjensle i magen. Dei skal kunne skape dei gode opplevingane som ikkje kan målast. Alle kan tilby ein god klem og få fram eit smil minst to gonger om dagen. Da har pasientane det betre, og det gjev ei god kjensle i oss også. Dei leitar og finn Demenskoordinatoren følgjer godt med på den grøne omsogen på Vestre Lein. – Vi treng ikkje ord for å skjøne kor godt dette tilbodet er. Det er nok å observere dei gamle for å sjå at dette gjer livet deira rikare, meiner ho. Ho snakkar varmt om alt som skjer på garden Vestre Lein. At dei gamle får noko å snakke om, at dei tek del i samtalar, at dei får fortelje sine eigne historier. – Og så får dei kome ut i frisk luft. Det vi er ute etter, er nett det som frisk luft, dyr og blomar kan gje. Når dei plukkar blomar og bær, saftar og syltar, kan dei igjen kjenne at dei meistrar noko. Og når Arthur kan forklare korleis ein tobakkskarvar fungerer, blir han ein læremeister for oss. Kunsten for dei tilsette er å leite i det dei gamle er gode på, og å finne det. Best er fridomen På Vestre Lein er frukosten rydda vekk. Eldbjørg Spilde går ein tur åleine og kiker på buret kor hundane Petter og Petra bur. Katten Kurt spring fritt og snuser nyfiken på skorne hennar. – Eg liker å gå litt rundt, fortel ho. Etter kvart kjem dei andre etter. Saman gjev dei brød til sauane, dei matar gjæsene, og dei kiker inn i alle bura med påfuglar, fasanar og til saman 12 hønseslag. Særleg Kompetanseutvikling Undervisningssjukeheimen (USH) i kvart fylke skal være pådrivar for kunnskap og kvalitet i sjukeheimar og heimetenester. Dei skal jobbe for å få noko til å skje, motivere og få med seg andre. USH i Nord-Trøndelag arrangerer undervisning og rettleiing på tvers av distrikta og avdelingar i eigen kommune. Eit anna kompetansetiltak er Demensomsorgas ABC. Fire studiegrupper med 28 tilsette går gjennom dette opplæringstilbodet. Her blir tilsette med og utan fagbrev og høgare utdanning oppdaterte for å oppfylle krava i Demensplan 2015 om meir kompetanse på demens. Saman med alderspsykiatrisk team ved Sjukehuset Levanger og Sjukehuset Namsos koordinerer USH i NordTrøndelag implementering og spreiing av Demensomsorgas ABC for heile fylket. GRØN OMSORG OG OMSORGSFORSKNING • Då undervisningssjukeheimane (USH) vart etablerte i 1998, byrja samarbeidet mellom sjukeheimane og forskningsmiljøa. No har kvart fylke sitt undervisningssjukeheim. • Verdal har USH i Nord-Trøndelag. I Verdal er heile omsorgstenesta med bustader, heimeteneste og institusjonar i kommunen inkludert i satsinga Senter for omsorgsforskning (SOF) ved Høgskulen i Nord-Trøndelag som er ein viktig samarbeidspartnar for USH. • Verdal byrja grøn omsorg med eit forprosjekt i 2008, og i Nord-Trøndelag driv no fire kommunar med grøn omsorg for heimebuande med ulike demenssjukdomar. Ein stipendiat ved SOF skal følgje prosjektet i fire år. 32 > Fagbladet 12/2010 fbaargang2010 fbseksjonHEL