Alt blir betre med god kommunikasjon, meiner Gunnhild Svaland og Torunn Berget, omsorgsarbeidar og hjelpepleiar på Birkenes sjukeheim i AustAgder. Dei to merka stor endring etter dagskurset for alle dei tilsette ved oppstarten av eit arbeidsmiljøprosjekt for eit par år sidan. Mindre småsnakk – Det var mykje meir frustrasjon og småsnakk før, fortel Gunnhild Svaland. Dei to kollegaene, som begge har lang fartstid frå sjukeheimen, er samde om at dei har hatt ein god arbeidsplass som no er blitt enda betre. – Vi trivs i lag, og vi har ein leiar som høyrer etter og som tar tak i ting, seier dei. Svaland og Berget syntes dei hadde det fint før også, men informasjonen og kommunikasjonen er no blitt mykje betre. Særleg understrekar dei kor viktig det har vore med fast informasjonsmøte kvar veke. Onsdagsmøtet Også leiinga og dei tillitsvalde meiner innføring av onsdagsmøtet er det beste som har kome ut av arbeidsmiljøprosjektet. Kvar veke samlas alle som er på jobb, og som kan kome frå, for å utveksle informasjon. – Når alle kjenner situasjonen på kvar avdeling, mellom anna pleietyngda, er det lettare å be kvarandre om hjelp. Og det er lettare å skjøne at dei andre av og til treng støtte, seier leiar på institusjonen Liv-Heidi Eines, ei av dei fem som sat i prosjektgruppa. Ideen om faste fellesmøte ein gong i veka dukka opp då alle dei tilsette vart inviterte til å tenke ut måtar å betre arbeidsmiljøet på. Snakke med og til Eitt problem vi hadde før, var at nokre av dei tilsette førestilte seg at gruppesjuke- pleiarane stort sett sveiv rundt i korridorane. No veit dei meir om kva for oppgåver mellomleiarane har, og kor tidkrevjande kontorarbeid kan vere. – Informasjon har ført til auka rolleforståelse. Det har hatt positive ringverknader med auka respekt for kvarandre, seier Eirin Imenes, tillitsvald for Fagforbundet. Manglande kunnskap om oppgåvene til gruppesjukepleiarane og kollegaene på andre avdelingar avla det dei kallar småsnakk. Med betre informasjon vaks respekten for kvarandre, og grunnlaget for baksnakking vart stort sett borte. – I startfasen utvikla vi også ei hustavle. Her vart vi samde om at vi skulle snakke med kvarandre i staden for om kollegaene våre, fortel Imenes. Med ein slik regel er det blitt lettare å 34 > Fagbladet 12/2010 Lite steg til stor nytte Mange skjøna ikkje vitsen med eit prosjekt for å betre arbeidsmiljøet. Dei hadde det jo så greitt. Men dei fekk det enda betre med meir systematisk informasjon og færre mistydingar. Tekst: KARIN E. SVENDSEN Foto: EVA KYLLAND fbaargang2010 fbseksjonHEL