Ville veier Av Ragnar Aalbu Cappelen Damm Søppel Av Max Estes Cappelen Damm Om kvelden er søppeldunken smekkfull. Neste morgon er han tom og klar til å fyllast igjen. Kva hadde skjedd om ingen tømde søppeldunkane våre og køyrde søppelet vekk? I biletboka Søppel møter vi Sigmund og Oskar, som køyrer søppelbil nummer 3. Vi blir med dei ein heil arbeidsdag, frå grytidleg morgon med kaffikoppen saman med dei andre mennene som køyrer søppelbil, til søppelbilen blir tømd på miljøstasjonen ved lunsjtider. Handlinga i boka følgjer køyreruta til Sigmund og Oskar, og dermed blir ho lett driven framover. Innimellom kjem det fakta om søppel og kjeldesortering. Boka er på mange måtar som ei faktabok å rekne, men ved at vi følgjer to søppelkøyrarar, blir boka ei forteljing. Og det er ei koseleg forteljing. Sigmund og Oskar blir framstilte som to joviale og hyggelege typar, som går til jobben med eit smil. Illustrasjonane i boka er spennande og annleis. Annleis fordi forfattaren og illustratøren Max Estes har sett saman forskjellige kollasjar, mellom anna har han nytta ulike papirrestar, som delar av ein parkeringskvittering, tyggegummipapir og ein Fisherman s Friend-pakke. Illustrasjonane og den korte og enkle teksten passar fint saman, og bildeboka kan vere underhaldande og lærerik for barn frå treårsalderen. Kanskje kan boka nyttast i samband med at ein jobbar med kjeldesortering som tema i skule eller barnehage? Søppel er den første barneboka amerikanaren Max Estes, som er busett i Oslo, har laga. Han har både skrive teksten og laga illustrasjonane. Elin Moen Karlsen Nesa til Onkel Knut Av Constance Ørbeck-Nilssen og Ragnar Aalbu Magikon forlag Mange blir fortalde at dei liknar på nokon i familien. Kasper er ein av dei, men han likar det ikkje så godt når mora påpeikar at han liknar på onkel Knut. Onkel Knut luktar nemleg vondt og ler altfor høgt. Ikkje likar han tanken på at han arva farfar sine tenner eller far sine øyrer heller. Mest av alt vil nemleg Kasper likne på seg sjølv. Verken meir eller mindre. Forfattarane klarer å presentere dette på ein humoristisk måte. Ikkje minst på grunn av dei detaljrike teikningane som viser kva som vil skje dersom Kasper får like store elefantøyrer som far eller like store hestetenner som farfar. Undertonane er likevel klare i boka: det handlar om å vere seg sjølv lik. Ein treng ikkje alltid likne på nokon annan, somme tider er det nok å vere seg sjølv. Somme stader i boka kan det også nesten verke som foreldra til Kasper konkurrerer i kven han liknar på, og kva for ein av familiane han liknar mest på. Det handlar ikkje lenger om kven Kasper eigentleg er lik på, men om å vinne konkurransen. Kanskje noko å tenkje på for fleire foreldre? Det er undringa og den humoristiske tonen til Kasper som held historia så levande som ho er. Viss far seier at Kasper liknar på farmor, og mor seier at farmor ser ut som ei ugle, ja då blir vel Kasper og sjåande ut som ei ugle? Det vil han ikkje. Judith Sørhus Litlehamar Ein liten gut på sykkel, den rosa elefanten Ellef, ein pose med bollar og den skumle skogen på veg heim frå bakaren. Og kven kjem fram i skogen? Jo, dei grådige tuetufsane. Det er ikkje berre berre å handle for mor heilt på eiga hand. Spesielt ikkje viss du må sykle gjennom ein høgreist og tett skog for å kome deg heim igjen frå bakeriet. Når du i tillegg har ein pose med velluktande, nybakte bollar i sykkelkorga kan mykje skje. Før lysluggen og elefanten Ellef kjem inn i skogen, er guten smilande, og den vesle elefanten sit trygt i sykkelkorga saman med bollane. Etter kvart som guten kjem lenger inn i den mørke skogen, byter dei plass. Elefanten blir stor og sterk og tek over syklinga, medan vesleguten sit på snabelen hans. Det er fint og trygt ei stund, men så dukkar den første tuetufsen opp eit godt stykke inne i skogen. Ellef og vesleguten syklar så fort dei kan, men det dukkar opp stadig fleire tuetufsar, og desse tek dei igjen. Så dett guten og elefanten, og tuetufsane hiv seg over bolleposen. Ved hjelp av den råsterke elefanten klarer dei å kvitte seg med monstra. Når dei kjem heim, er det berre to bollar igjen i posen, men det gjer ingenting, synest mor. Det første som slår meg, er kor nydelege og reine illustrasjonane i boka er. Den vesle, lyslugga guten med dei blanke, blå augene kan verke tiltalande på både små og store. Det er ikkje mykje tekst i boka, og nokre av sidene har ikkje tekst i det heile. Det gjer ingenting, illustrasjonane talar for seg sjølv. Ragnar Aalbu har både skrive den korte teksten og laga illustrasjonane til biletboka. Ei søt lita bok om å vere redd for skog og mørke, ei redsle vi vel aldri veks heilt i frå? Elin Moen Karlsen fbaargang2010 fbseksjonKIR